Skavøypoll -Bremanger G 13/14 år

Postet av Bremanger IL - Fotball den 3. Okt 2017

Dei blei ein spanandes kamp på Skavøypoll Stadion,der det først må seiast at Bremanger måtte bruke ein utespelar ettersom ikkje nokon av dei faste keeperane kunne stille/spele.Pauseresultatet var 1-1,deretter fekk Polljen 2 kjappe mål,dermed 3-1,2 av desse måla på dødballar/corner.Må nevnast at det var jamnt spel med mange sjangsar til begge lag.So blei det 4-1,rett etter 4-2 på eit sjølvmål.3 minutter seinare blei det 5-2.Når det var under 5 minutt igjen fekk våre 2 kjappe,og håpet om poengdeling blei reelt,men sluttresultatet blei 5-4 til heimelaget.Neste kamp er borte mot Breimsbygda den 16. oktober som har tapt alle kampane sine,so der bør det bli siger.Lykke til gutar og jenter;)

Referent Kjell-Bjarte


0 Kommentar

Heimekampar

Postet av Bremanger IL - Fotball den 25. Sep 2017

I eit nydeleg haustveir blei det spelt 2 alderbestemte kampar ,og først ut var G 10 år som spelte mot Tornado/Måløy,der blei sluttresultatet 8-6 til elleville rop frå våre;)

Det gjekk dessverre ikkje so godt for G 13/14 som spelte mot Florø (som dei slo forrige kamp),sluttresultatet blei 2 - 4 til Florø i ein underhaldande kamp for øvrig.


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline