Ferstad: - Vi hadde god kontroll

Postet av Morten Ferstad den 23. Apr 2015

SISTE NYTT: MØTER TIPPELIGALAGET VIKING I 2 RUNDE I NM.
Tidligare Bremangerspelar, Stian Ferstad (redaktørens 12 minutter ynge tvillingbror) var i går med å slå Florø Sportsklubb ut av NM-cupen. Med ein 4 - 2 siger er Varegg klar for 2 runde.

Stian Ferstad i duell med Karl-Erik Aarsheim på Stryn. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

"Det var ein gjevnt kamp, og vi var fult på høgde med eit godt Florø lag. Tempoet i kampen var høgre en vi er vandt med, men ikkje skremmande høgt. Florø gjekk ut i eit voldsomt tempo og var veldig aggressive, men eg føler vi hadde god kontroll." - Stian Ferstad




Lokale spelarar


Det er fleire spelarar frå Sogn og fjordane på Varegg:

- Midtstopparkollega Runar Myrhol er frå Sandane.

- Thorbjørn Aabrekk som spelar spiss er frå Eid.

- Keeper Leif Lysne er frå Lærdal.


Tippeliga motstand

Stian Ferstad har spelt mot nåværande OBOS-liga, tidligare Tippeliga laget Brann heile 3 gangar. I 2009 spelte han for Høyanger, då vant Brann 6 - 0. I 2010 spelte han heile kampen då Fyllingen(3.div) slo Brann ut av cupen. Bremanger sin trenar, Tore Førde Rylandsholm spelte og i sigeren over Brann. I neste runde var det Viking som sto på motatt halvdel, der stoppa cup-eventyret for Bremanger gutane med eit fortjent 4 - 1 tap mot enda eit tippeliga lag.
I 2014 sesongen møtte Ferstad igjen Brann i cupen, den gangen spelte han for Bergensklubben Varegg. Gutane i gult og blått leda to gangar, men tapte til slutt 3 - 2. Høgdepunkter frå den kampen kan du sjå HER

Direktelink til Firda.no/live oppdateringa finner du HER.

Ferstad har for vane å møte tippeliga lag i cupen, so kven møter han og lagkameratane i Varegg i neste runde ?

Stian Ferstad har spelt 47 kampar for Bremanger.


Alle foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.