Storsiger mot Florø 2

Postet av Morten Ferstad den 21. Mai 2017

BREMANGER STADION: Etter ei dårleg opning på kampen heva heimelaget seg og vant fortent mot gutta fra Florø-by.

Arkivfoto. Martin Klakegg Hauge opna målkontoen i år når han skåra dagens første mål.


Bremanger 5 – 1 Florø 2

5. Serierunde Kretsligaen 2017
Søndag 21. mai kl 13.00
Bremanger stadion


I medvind på ei humpete grasbane er det Florø 2 som startar kampen friskast. Gjestane frå Florø-by tar leiinga etter eit frispark på 17m blir tatt kort, og det påfølgande skuddet går gjennom muren og i mål. Ikkje lenge etter målet kjem Florø 2 åleine med keeper, men Øyvind Langeland i Bremangermålet reddar meisterleg.

Før pause handla det meste om eit ungt og godt Florø lag. Heimelaget kjem meir med i kampen dei siste 5-10 minuttene før pause, utan å skape noko sjansar. Det nærmaste heimelaget er ei skåring får pause kjem når hurtigtoget Cone tar med seg ballen frå eigen halvdel og springer mot Florø målet. Etter at halve bana er tilbakelagt blir Cone stoppa i siste liten av ei god takling av ein FSK forsvarar.

Etter pause er det Bremanger som kjem best i gang og skårar på eit flott angrep, som og er omgangens første sjanse. Bremanger sin beste spelar, Tore Rylandsholm slår ein glimrande ball ut på kant til Martin Senneset. Martin slår eit hardt innlegg langs bakken som Martin Klakegg Hauge enkelt kan sette i mål. Etter utlikninga handla det meste om heimelaget. Bremanger skårar ikkje mindre en fire(!) mål på frispark. Eirik Rylandsholm skyter rett i mål frå 35m, Oliver Igland skyter rett i mål frå midtbana, og Ntege Aruna Cone skyter rett i mål frå 17m. Medvinden må nok ta litt av æra for dei målene, men mål er mål! Håvard Mjølkeråen fikk æra av å skåra dagens siste mål etter eit godt slått frispark av banens yngste spelar, Håvard Rosø.


"Rylands-hjørnet"


Rylandshjørnet.jpg" Deilig med 3 nye poeng. I første omgang var Florø2 gode i dag. Kampplanen vår fungerte ikkje. Vi starta kampen i en 4-4-2 formasjon med høgt press, utan å lykkast. Vi var for seint opp i press, og vart springane mykje i mellom og blei overspelt på sentral midt. So her måtte vi gjere grep og legge om til vår vante 4-2-3-1 formasjon. Etter vi gjorde det kom vi meir med i kampen, og på slutten av 1 omgang følte eg at vi begynte å få overtaket på Florø2. Første omgang var under pari i dag. I andre omgang forsette vi tendensen vi såg på slutten av første omgang. Vi gjere en godkjent andre omgang, scora 5 mål og cruisa inn ein viktig 3 poengar. Vår unge keeper, Øyvind Langeland debuterte i Kretsligaen, og gjorde sine saker bra. Håvard Rosø kom inn på slutten av andre omgang og krona det gode innhoppet med en flott assist. No er det neste kamp mot Polljen som betyr noko. Håper mange brosme tek turen nordover å støtter oss! "


- Tore Førde Rylandsholm, trenar.

Kampfakta:

Bremanger – Florø 2, 5 - 1 ( 0 - 1 )

Gule kort: Ingen til BIL, eit til FSK2.

Tilskuera: 100 ca

Dommar: Per Oddvar Lien, IL Høyang.

Ass.Dommarar: Abdinazir Mohamed Abdi, Eid IL og Kaj-Inge Fløde, Stadlandet

Mål:

0-1 16’ Agashan Puththisigamany (FSK2)

-

1-1 54’ Martin Klakegg Hauge (Martin Igland Senneset)

2-1 61’ Eirik Førde Rylandsholm

3-1 66’ Oliver Igland

4-1 74’ Ntege Aruna Cone

5-1 86’ Håvard Mjølkeråen (Håvard Rosø)


Lagoppstilling (4-4-2)

Øyvind Langeland

Martin I. Senneset – Håvard Mjølkeråen – Espen Frøyen – Oliver Igland

Eirik F- Rylandsholm - Tore F. Rylandsholm – Simen Hamre – Tobias Lyngstad

Ntege Aruna Cone - Martin K. Hauge

Innbyte:

43’ Simen Hamre ut, Mathias Hammersland inn.

75’ Eirik F. Rylandsholm ut, Håvard Rosø inn.

84’ Martin I. Senneset ut, Kristoffer Lågeide inn.

88’ Håvard Mjølkeråen ut, Roy Atle Igland inn.

Viste du at ?
* Tore Førde Rylandsholm blei kåra til heimelaget sin beste spelar.



Diverse lenker:
Link til Firda live finner du HER.

Link til Firdaposten sin artikkel finner du HER.

Link til FJT artikkel finner du HER.

Spelar statistikk for sesongen 2017 finner du HER.

Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.