Skuffande tap mot Skavøypoll

Postet av Morten Ferstad den 29. Mai 2017

SKAVØYPOLL STADION: Eit veldig skuffa Bremangerlag måtte reise heim med null poeng i bagasjen.

Akrivfoto. Martin Klakegg Hauge skåra begge Bremanger sine mål borte mot Skavøypoll.


Skavøypoll - Bremanger
6. Serierunde Kretsligaen 2017
Laurdag 27. mai kl 15.00
Skavøypoll stadion


Det var ei rolig opning på kampen der Polljen hadde bestemt seg for å parkere bussen og overlata ballen til Bremanger. Det var veldig tydleg at Bremanger ikkje er vant med å møte lag med so mykje respekt som Polljen viste med å legge seg i forsvar for å satse på kontringer. Bortelaget trilla mykje ball på midten og i forsvar, men med lavt tempo og lite bevegelsar i laget var det ingenting som fungerte.

Kampplanen til Polljen fungerte og kampens første mål kom på ei kontring av heimelaget. To gangar slurvar Bremanger med eit oppspel når nesten heile laget er i angrep, og Polljen kontrar. Polljen kjem i fleirtal og skårar etter eit skudd som går via eit Bremanger bein og i bue over ein utspelt keeper.

Før pause skårar Bremanger to kjappe mål, begge av Martin K. Hauge. Begge målene kjem etter at Polljen sin keeper er på bærtur, og Martin skyter ballen kontrollert over keeper og i mål.

Omtrent rett frå avspark får Polljen eit hjørnespark etter ei god redning av Tommy i Bremanger målet. Etter at to Bremanger spelarar går i same duell på det påfølgande hjørnesparket og ikkje får avklart ender ballen opp i beina på ein Polljar som skyter ballen i mål. Kvarteret før full tid kjem kampens siste mål, som det dessverre er Polljen som får. Etter eit lang innkast ender ballen opp i beina på Skavøypoll sin gode spiss, Steven Silden. Han vender vekk ein Bremangerspelar og skyter ballen i mål via keeper sine hanskar og tverrligger. Ikkje lenge etter ropar omtrent heile Bremanger på straffe, men til BIL sin store skuffelse dømmer dagens dommar hjørnespark.

Utifra sjansar burde nok Bremanger fått poeng, men det er ikkje alltid fotball er rettferdig. Det var mykje ”nesten” for Bremanger forran mål, mens Polljen var effektive og utnytta Bremanger sine feil.

Neste kamp er borte mot Vik kommande helg. Vik har hatt ei imponerande opning på sesongen og står med 18 poeng av 18 mulige.


"Rylands-hjørnet"



"I dag vart det eit surt tap. Mange rare val og personlege feilvurderingar gjorde til at vi rota bort en 3 poengar. I fotball er det ikkje alltid det beste laget som vinner, og sånn vart det denne gangen. Vi hadde dårleg balanse i laget i dag, og vart straffa for det. Det må vi ta lærdom av. No er denne kampen historie, og gjort er gjort. No er det neste utfordring som gjelder. Det blir tøft borte mot Vik, men vi reiser i stor tru på at vi kan få med oss 3 poeng heim i bagasjen."

- Tore Førde Rylandsholm, trenar.


Kampfakta:

Skavøypoll - Bremanger, 3 - 2 ( 1 - 2 )

Gule kort: Håvard Mjølkeråen, Mathias Hammersland, Gøran Larsen, Martin Senneset, Oliver Igland til Bremanger, 2 til Skavøypoll.
Tilskuera:
Dommar: Andreas Sandal, Haugen IL

Ass.Dommarar: Jostein Christian Haugland, Haugen IL og Abdinazir Mahamed Abdi, Eid IL.

1-0 35’ Skavøypoll

1-1 42' Martin Klakegg Hauge (Espen Frøyen)

1-2 45+2' Martin Klakegg Hauge

-

2-2 48’ Skavøypoll

3-2 74’ Skavøypoll

Lagoppstilling (4-2-3-1)

Tommy Løkkebø

Oliver Igland – Håvard Mjølkeråen – Espen Frøyen – Mathias Hammersland

Tore F. Rylandsholm – Martin I. Senneset

Eirik F- Rylandsholm - Tobias Lyngstad – Ntege Aruna Cone

Martin K. Hauge

Innbyte:

29’ Ntege Aruna Cone ut, Gøran Larsen inn.

49’ Eirik Rylandsholm ut, Ntege Aruna Cone inn.

72’ Tobias Lyngstad ut, Eirik Rylandsholm inn.

Viste du at ?
* Både Håvard Mjølkeråen og Martin Senneset fikk sitt tredje gule kort for sesongen, og må stå over neste kamp som er borte mot Vik.



Diverse lenker:

Les om kampen på Fjt.no (abo)

Link til Firda live finner du HER

Bilder og fakta frå Haugenfotball finner du HER.

Spelar statistikk for sesongen 2017 finner du HER.
Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline