BIL-spelarar på Team Sogndal

Postet av Morten Ferstad den 1. Jun 2017

Håvard Rosø, Kim Christian Liseth og ein stolt seniortrenar, Tore Førde Rylandsholm.


Det går godt med Bremanger-fotballen for tida. Vi har eit a-lag som ligg imponerande plassert på øvre halvdel av tabellen i kretsligaen, vi har eit småguttelag som også har starta sesongen godt og det blir jobba godt med lillegutt- og miniputtlaga.

Og vi har to spelarar som nylig er uttatt til å spele på Team Sogndal i turnering i Fyllingsdalen 6.-9.august. Sogn og Fjordane Fotballkrets sin spelar- og trenarutviklar Jan Tore Jåstad skriv at dette er ei eliteturnering med svært høg kvalitet på deltakande lag. Her får dei spele mot både norske og utanlandske storlag.

BIL sin 1.års småguttespelar Kim Christian Liseth er med i Team Sogndal G13 sin 18-mannstropp. Kim Christian er uttatt som midtbanespelar i denne troppen. Og det blir solid motstand, av andre lag i G13-klassa kan nemnast Brann, Viking, CSKA Moskva frå Russland og Tottenham frå England.

BIL sin 1.års guttespelar Håvard Rosø har denne vinteren/våren vore med på Sogn og Fjordane sitt G15-kretslag og er no uttatt i Team Sogndal Fotball G15 sin 18-mannstropp til denne turneringa. Også Håvard er uttatt som midtbanespelar. For dette laget blir det kampar mot lag som bl.a. Brann, Viking, Haugesund og Fulham frå England. I samme G15-tropp finn vi også kjende fotballnamn frå Bremanger, nemleg Naustdal og Torvanger. For Brage Naustdal(Florø) og Sogndal sin eigen Jonas Torvanger er også klare for denne turneringa i Bergen, Brage som sentral midtbanespelar og Jonas som back/kant midtbane.

BIL Fotball gratulerer gutane med uttaket og ønskjer masse lykke til med særs spennande utfordringar!


Tekst av Johnny Rosø.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.