To nye BIL-spelarar på kretslaget.

Postet av Morten Ferstad den 12. Sep 2018

Hubert og Eli Sofie på ei samling tidligare i år.


For nokon veker siden kom kretslagsuttaket for både J13 og G13 og Bremanger IL fekk med ein spelar i kvar tropp. Det er alltid stor spenning med slike uttak og denne gongen vart det ein gledeleg nyhet for BIL. Hubert Wdodiak vart nemleg uttatt i Sogn og Fjordane sin G13-kretslagstropp og Eli Sofie Seim Skjølberg kom med i J13-troppen.

Begge to vart uttatt på bakgrunn av gode prestasjonar på Nordfjord sine sonelag for G13 og J13. I siste soneturneringa før kretslagsuttaket viste begge to at dei også har scoringsteft, Hubert scorte tre mål for Nordfjord G13 og Eli Sofie noterte seg for to mål for Nordfjord J13 i kampar mot Sunnfjord og Sogn sine sonelag.

Då det er få jentespelarar på Eli Sofie sin alder i Bremanger så både trenar ho med og spelar på Bremanger sitt gode småguttelag med Arek som trenar. No vil ho i tillegg få vidare god matching i lag med dei beste jentespelarane i fylket. I tillegg til kretslagstroppen så er Hubert også komen med i ein 16-mannstropp til eliteturnering i Haugesund der det blir kampar mot solide motstandarar som Viking, Haugesund og Sandnes Ulf.

BIL fotball gratulerer dei uttekne spelarane og ønskjer masse lykke til!!!


Tekst av Johnny Rosø.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline