Spelarar på kretslag og soneturnering!

Postet av Morten Ferstad den 11. Jan 2019

Kim Christian Liset (nr 3 f.v bak), Hubert Wdowiak ( nr 2 f.h bak), Eli Sofie Seim Skjølberg (nr 2 f.v framme) og Vebjørn Nigardsøy (nr 2 f.h framme).

Desember er ei roleg tid i lokalfotballen, men i januar startar dei fleste laga opp med treningar igjen. Slik er det også her i Bremanger, både seniorlag og dei fleste aldersbestemte laga brukar å starte opp igjen med treningane i løpet av denne månaden.

Men enkelte av Bremanger sine spelarar har vore i akivitet med både treningar og kampar også dei siste månadane. I årets første helg spelte både Hubert Wdowiak og Kim Christian Liset kretskampar for NFF Sogn og Fjordane på Eid mot NFF Sunnmøre og NFF Nordmøre og Romsdal. Hubert spelte på Sogn og Fjordane G14 og Kim Christian på Sogn og Fjordane G15. Og begge to fann vegen til nettmaskene!

Hubert sitt lag spelte 2-2 mot Sunnmøre og så vann dei 5-3 mot Nordmøre og Romsdal. Hubert scorte Sogn og Fjordane sitt første mål i begge desse kampane. Kim Christian og G15-laget tapte første kampen mot Sunnmøre 0-3, men kom sterkare igjen i ein målrik kamp mot Nordmøre og Romsdal som til slutt enda 4-4. Kim Christian scorte Sogn og Fjordane sitt fjerde mål i denne kampen. Kim Christian har også tidlegare vist at han veit kor målet står og har laga mange mål på dette laget.  

For ei stund sidan var eit anna Bremanger-talent, Vebjørn Nigardsøy, i aksjon på soneturnering i Sogndal. Her var det kampar mot Sunnfjord og Sogn. Og Vebjørn debuterte i Nordfjord-drakt med å score mål på Fosshaugane. Dette var nok ei veldig kjekk oppleving! Vebjørn har ei fin utvikling som fotballspelar og fortente denne sjansen til å spele mot resten av fylket sine beste 2005-spelarar.

Også på jentesida er BIL representert på kretsnivå. Eli Sofie Seim Skjølberg er nemleg endå ein gong uttatt i troppen til Sogn og Fjordane J14. Ho trenar målbevisst og har allereie gjennomført årets første kretslagssamling. Dette var i Stryn i helga som var.  I løpet av våren blir det 4-5 nye samlingar, kamp mot Hordaland i februar og trelagsturnering i Stryn i mars. Dette blir spennande!

BIL Fotball gratulerer med uttaka og prestasjonane!



Tekst av Johnny Rosø.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.