Bremangerguta på akademilag

Postet av Morten Ferstad den 18. Apr 2015

Espen Rosø og Sivert Kolseth
Arkivfoto. Espen Rosø og Sivert Kolseth

Bremanger sine førsteårs guttespelarar Sivert Kolseth og Espen Rosø har denne vinteren/våren spelt fire kampar for Stryn G15-akademilag. Dette akademilaget er i praksis Nordfjord sitt sonelag for 2000-kullet og det har vore trening i Stryn annankvar torsdag med Edvard Nordang og Jon Terje Tjellaug som trenarar. I 15-mannstroppen no sist var det spelarar frå Bremanger, Skavøypoll, TMFK, Eid, Stryn, Hornindal og Loen. Forrige helg var det turnering i Sognahallen og BIL-duoen Sivert og Espen spelte begge kampane for Stryn mot Florø og Sogndal, Sivert på venstre back og Espen på sentral midtbane og seinare i ei kantrolle på midtbana i eit 4-2-3-1-system.

Florø har vore dominerande i fylket i dette kullet og det var Florø dei spelte mot først denne helga. Dette Florø-laget bestod for det meste av Florø- og Førde-spelarar. Førsteomgangen var relativt jevnspelt og det stod 0-0 til pause. Eit stykke ut i 2.omgang gjekk Stryn opp i leiing 1-0 på ei fin avslutning av Espen heilt ute i hjørnet. Ei stund etterpå tok Florø gradvis over og vann til slutt 3-1, men Stryn ga dei god motstand i store delar av denne kampen.

Siste kampen mot Sogndal vart både spennande og målrik og etter mykje hard jobbing vann Stryn til slutt 4-3 over Sogn sine beste 2000-modellar. I denne kampen hadde Sivert ei målgjevande pasning. Fin innsats av begge Bremanger-gutane i Sogndal! Akademitreningar/akademikampar er eit veldig godt tiltak av Sogn og Fjordane Fotballkrets og eit nyttig og lærerikt supplement til treningskvardagen i klubbane.

Skrevet av Johnny Rosø


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.