Fortjent bortesiger

Postet av Morten Ferstad den 7. Mai 2015

Etter å ha vunne 6-3 heime mot Skavøypoll i serieopninga var Bremanger klare for årets første bortekamp. Motstandar var Sandane. Sandane stod med like mange poeng som BIL, men med ein kamp meir spelt. Vi rekna med at dette kom til å bli ein jevn kamp.

Sivert Klakegg Hauge(m. ball) skåra to og Ole Kristian Nigardsøy skåra eit mål mot Sandane.

05.05.15 Idrettsplassen Sandane (gras) Sandane-Bremanger G13/14, 7-ar

Bremanger reiste innover til Sandane med desse åtte spelarane: Markus Nødset Frøyen, Malin Hoddevik Hauge, Henrik Nygård(kapt.), David Kolak, Håvard Rosø, Ole Kristian Nigardsøy, Sivert Klakegg Hauge og Ole Martin Nybø.

Bremanger tar kommandoen frå start og dette resulterer i scoring allereie etter fire minutt. David spelar veldig godt på høgre kant, slår ein tunnel og deretter presist gjennomspel til Sivert som er kald og roleg åleine med keeper. 1-0 til BIL og ein flott start i regnveret på Sandane.

BIL-dominans til tross, etter sju minutt står det 1-1 på Sandane sin første sjanse i kampen. BIL tar over igjen etter dette og har ein ny god periode. Vi slit litt med eit ujevnt underlag, men spelar til tider likevel god fotball.

14 minutt: langt innkast frå Henrik og Sivert er veldig nær scoring, men ballen trillar dessverre på feil side av stolpen.

15 minutt: Malin slår ein nydeleg ball gjennom til Håvard som "chippar", men på nytt like utanfor.

16 minutt: Men så kjem leiarmålet. Håvard spelar gjennom til Ole Kristian som set ballen sikkert i nota og 2-1 til BIL.

20 minutt: Vi har hatt bra kontroll lenge, men Sandane er tidvis med. Eit kjempeskudd frå Sandane blir glimrande avverga av Markus og vi er dermed fortsatt i leiinga.

25 minutt: Corner frå Ole Kristian, litt "klabb og babb" foran mål, Sandane prøvar å klarere. Ballen havnar hos Håvard som slår gjennom til Sivert som sikkert set sitt andre mål for dagen og 3-1 til Bremanger.

Siste ti minutta av omgangen spelar Ole Martin spiss. Han er stor og sterk og vinn ein del duellar. Nær scoring, men omgangen endar 3-1 til Bremanger. Men stå på Ole Martin, scoringa kjem heilt sikkert snart!

BIL startar også 2.omgangen best, men det er Sandane som får første scoringa, dermed 2-3 og full spenning i kampen. Men ikkje mange minutta etter står det 4-2 til BIL. Kaptein Henrik tar med seg ballen oppover i bana, spelar vegg med Ole Kristian, avanserer og bankar inn BIL sitt fjerde mål for kvelden. Flott spel!

Halvveis i omgangen blir det 5-2 til Bremanger. Håvard driblar av eit par mann og scorar med eit fint venstrefotskudd heilt ute i hjørnet. Minuttet etter er Ole Kristian og Sivert på farten, nesten....

Vi trykker på; avslutningar av David, Malin, Ole Martin, men ein god Sandane-keeper avvergar kvar gong. Men positivt at vi kjem oss i skuddposisjon!

Sandane reduserer i staden til 3-5 då ti minutt gjenstår av kampen, denne scoringa skal ikkje komme, men vi har likevel ganske god kontroll siste ti minutta. Det blir ikkje fleire scoringar og dermed har BIL sitt småguttelag fått ein fin start på sesongen. Ein ny lagsiger! Tirsdag 12.mai spelar BIL heime mot Eid 1 i Bjørsvika. Håpar mange tar turen dit den kvelden!

Referent: Johnny Rosø


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.