Kampreferat frå gutelaget sine to første kampar.

Postet av Morten Ferstad den 4. Jun 2015

Her kjem to referat frå gutelaget sine kampar mot Tornado Måløy og Svelgen.

Tornado Måløy - Bremanger

Dette var første 11'ar kamp for 00 sidan Norway cup sommaren 2014, so det var uvant for gutane å komme på stor bane igjen. Dei ti første minuttene var BIL det beste laget men etter kvart tok TMFK over kampen og gjekk til pause med 1 - 0 leiing.
I starten av 2 omgang auka TMFK til 2-0. Begge måla kjem etter at vi mistar ballen på eigen banehalvdel.
Etter 2 - 0 har TMFK ein del store sjansar som dei misbrukar, og Øyvind stoppar det som kjem. Siste kvarteret er vi igjen best og får ei redusering ved Sivert Kolset.

Vi taper fortent 2-1 men gutane skal ha skryt for at ein greier å heve seg i 2.omgang.

Start 11'ar: Øyvind, Kristian R, Sivert K, Henrik, Andreas, Kristian H, Espen, Elias , Isac, Benjamin.

Innbytter: Ole Kristian, Håvard og Sivert K H.

Bremanger - Svelgen
På grunn av mange forfall i løpet av dagen gjekk Svelgen med på å spele 9'ar kamp i Bjørsvika. Stor takk til STIF for at dei gjekk med på det😀

Denne kampen var det eit heilt anna BIL lag som kom på bana. Sjølv om motstandaren var større fysisk vinn vi stort sett alle duella. Vi går til pause med 2-0 leiing etter eit sjølvmål og ei fin scoring av Sivert K.
Andre omgang fortsett som første, vi er klart best og det står 5-0 ved full tid.

1-0 Frispark frå Espen som blir "styrt" i mål av ein Svelgen spelar.
2-0 Sivert K etter nydelig veggspel med Andreas.
3-0 Sivert K på frispark.
4-0 Espen scorar etter at Sivert K H legg ballen i støtte.
5-0 Kristian H avanserer over heile bana, pasning til Benjamin som igjen legg ballen inn foran mål der Kristian står klar.

BIL spelar ein veldig god kamp, alle mann gjer ein kjempeinnsats. Flott gjort av Mats som stiller opp for å hjelpe gamle lagkameratar.

Spelarar som deltok: Øyvind, Vegard, Kristian H, Sivert K, Isac, Benjamin, Andreas, Espen, Håvard, Ole Kristian, Sivert K H og comeback av Mats Sundsøy.

Terminliste og tabell finner du her.

Skrevet av Dag Magne Nigardsøy.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.