KAMPEN I FOKUS 2015

Fotballgruppa i Bremanger IL har bestemt at også i år vil vi sette kampane til dei aldersbestemte laga i fokus. Dette for å skape betre miljø og stemning på kampane.

Lagleiarane vil sette opp ei liste over dei foreldra som til ei kvar tid skal vere ansvarlege for "Kampen i fokus" på dei ulike kampane.

Det bli sett opp to foreldre på kvar heimekamp, som har ansvaret for kampen.

Oppgåver :

Dei to foreldra som blir satt opp på kvar kamp tek med seg enten platekake, vaflar, bollar, frukt eller andre ting (ein av delane). Noko av dette sel de i bua.Heimelag og bortelag inkl. trenarar, får mat/frukt og drikke etter kampen. Saft og kaffi står på klubbhuset.

Møt ein halv time før kampstart på klubbhuset.
- Heng opp flagg (ligg på kontoret).
- Kok kaffi og opn "kiosken". Sjekk prislista . Nøklar til toaletta ute , heng i nøkkelskapet på kontoret.

Ein av dei to foreldra som er ansvarleg, må hente og levere tilbake pengeskrin og nøklar til Laila Grotle mob 97094464 Dette må avtalast dagen før kamp !

Ta kontakt med lagleiar eller sjå oppslag/heimeside for å få vite dato og kamptidspunkt.

Passar det ikkje då du er sett opp, må de bytte innbyrdes!

Dei ansvarlege må også sørgje for at klubbhuset er rydda, vaska og i fin orden etter kampen. Dette gjeld kjøkken, garderobar, gang og eventuelt møterom om det har vore i bruk. Instruksar for orden på klubbhuset heng det oppslag om.


Vi gjer dette for at kampen skal vere "høgdepunktet" i fotballaktiviteten til ungane, og vi har alle eit ansvar for at dette skal fungere på ein best mogleg måte.

Vi håpar at alle ser på dette som eit positivt tiltak, og at det kan bli mange trivelege fotballstunder på Bremanger stadion og i Bjørsvika, sesongen 2015.

Ta kontakt med Evy Colliander (92812795) om det er noko de lurer på .


Helsing


Fotballgruppa
Powered by: Bloc