LAGLEIAR–ALDERSBESTEMTELAG

Lagleiar: leiar og bindeleddet mellom, trenar, føresatte og sportsleg leiar.
Lagleiar har ansvaret for alt som skjer i og rundt laget.

Det er viktig å fordele arbeidsoppgåver mellom spelarar, trenarar og føresette.


Kommunikasjonen mellom dei involverte skal vere god.

ANSVAR/OPPGÅVER:
Sette opp spelarliste med namn, fødselsdato, adresse, føresette, telefonnummer og e-post. Kopi av lista må leverast til sportsleg leiar.


HEIMEKAMPAR

Ringe gjestande lag, invitere dei og avtale kamptidspunkt Det må gjerast minst 6 dagar før.

Sjekk at det ikkje kolliderarar med andre kampar.

 Kontakte dommaransvarleg (Marie Nyborg mob 41541168) som har ansvar for å skaffe dommar.

 Informere baneansvarleg.

 Forsikre seg om at bana er klar før kamp. (Slåing, merking, mål).Kontakte baneansvarleg om det ikkje er klargjort.

 Sørge for at dommarkortet blir fylt ut og sendt til SFFK.

 Opprydding etter kamp.(Kjegler, ballar, linjeflagg, låsing av redskapsbod, rydding av garderobe.)

 Lage lister over kven som har ansvaret for "KAMPEN I FOKUS", og informere dei om oppgåvene sine.

 Informere sportsleg leiar om dato og tidspunktet for kamp , slik at kamparrangementet kan planleggast, og plakatar kan hengast opp. (Skal hengast opp måndagen før kamp)


BORTEKAMPAR

 Sette opp køyreliste

 Organisere transport og informere spelarar og føresette i god tid.

 Ha ansvar for ferjekort til sitt lag. Påfyll av ferjekort , Evy Colliander 92812795


FLYTTING AV HEIMEKAMP

  • Sjekk med baneansvarleg om det er ledig bane, slik at det ikkje kolliderer med andre kampar el trening.


ANDRE OPPGÅVER:

 Lagleiar har ansvaret for at det blir fylt ut skjema for skademelding dersom skade, og at dette blir levert til sportsleg leiar.

 Lagleiar har ansvar for alt utstyr (ballar, drakter, medisinskrin osv.), og at dette blir levert tilbake like etter sesongslutt .

 Lagleiar har ansvar for å organisere dugnadar som laget blir pålagde.

 Lagleiar skal i samarbeid med trenar ordne treningskampar og samlingar for laget, omberamming av kampar og oppsett av endeleg terminliste.

 Lagleiar skal halde spelarane orientert om treningstider, samlingar og kampar

 Lagleiar skal halde sportsleg leiar orientert om ting som skjer rundt laget, og som eventuellt bør takast opp i styret el. spelargruppa.

 Lagleiar er saman med sportsleg leiar ansvarleg for at alt det utanomsportslege fungerar rundt Bremanger IL sine lag.