Uavgjort på heimebane

Postet av Morten Ferstad den 6. Mai 2017

BREMANGER STADION: Poengdeling etter rotete og jamn kamp på solkysten i Bremanger.

Aruna Ntege Cone

Cone(#7) skåra Bremanger sitt mål i kampen mot Dale.


Bremanger 1 - 1 Dale
3. Serierunde Kretsligaen 2017
Laurdag 06. mai kl 15.00
Bremanger stadion


I strålande sol på kystperla Bremanger var det dessverre kun sola som varma. Spelet på bana var lite imponerande då bana var veldig humpete, og dermed slo begge lag ein del langt. (I fjor blei bana veldig bra etter kvart, det reknar vi med skjer i år og!) Den første store sjansen i kampen er det Dale som får. Ei dårlig klarering frå heimelaget går rett i beina på ein Dale spelar, han serverer ein kompis som kjem åleine med Tommy i Bremanger målet, og Dale går opp i leiinga etter 15 min. Ikkje lenge etterpå er Dale frampå igjen. Heimelaget roter vekk ballen i farleg posisjon og Dale kontrar langs venstrekanten. Eit godt slått innlegg blir hedda over mål frå god posisjon. Dale, som hadde vinden i ryggen leia fortent til pause.

Med vinden i ryggen er det heimelaget som startar andre omgang best, og pressar på for ei utlikning. Halvegs ut i omgangen får heimelaget lønn for strevet, og Cone skårar for Bremanger. Etter litt klabb og babb på 16m til Dale ender ballen opp i beina på Cone som limer ballen i krysset. Vakker skåring av Bremanger sin toppskårar, og einaste målskårar i sesongen 2017.

Før slutt får heimelaget eit par store muligheiter med Eirik og Martin K.H, men ballen vil ikkje i mål. Ein rotete og sjansefattig kamp ender til slutt med poengdeling, noko begge lag såg ut til å vere tilfreds med.


Håvard Rosø

To debutantar

Håvard Rosø(bilde) som er 14 år, 7 mnd og 11 dagar debuterte i dag for Bremanger. Håvard spelte ein god kamp i ei litt uvant rolle på høgre kant, og fikk vist fram sine gode ferdigheter fleire gangar! Tobias Lyngstad blei bytta inn for nemnde Rosø, og viste seg fram med fin teknikk og ro med ballen. Vi gler oss til å sjå meir av desse karane for Bremanger i år!








"Rylands-hjørnet"


"Kampane mot Dale blir alltid tette og tøffe, og det vart det i dag og. Uavgjort er eit greitt resultat sett kampen sett under eit. Dale best i første omgang, og vi best i 2 omgang. Vind og vanskelig baneforhold gjorde det til ein lite velspelt kamp, der lange baller og kriging på første og andre ball var det det handla om. Stortalentet vårt Håvard Rosø debuterte for a-laget, og viste at han held nivået, tross at han har vert langtidskadd med armbrot. Vi gleda oss til forsettelsen, Håvard. Nysigneringa vår Tobias Lyngstad frå Askvoll debuterte også for Bremanger i dag. Han gjorde det meget godt dei 30 min han fekk prøve seg. Viste god ballkontroll, og fin teknikk. Og sette fart ved fleire anledningar på høgresida. Nok ei solid forsterkning for Bremanger. Viktig med poeng i dag. Då har vi fått en brukbar start på sesongen. No ser vi fram til å reise inn i fjorden til Eid førstkommande laurdag. Håpar fleire Bremngera tek turen inn og støttar laget vårt. Vi reiser innover får å få med oss 3 poeng heimatte til havgapet!"


- Tore Førde Rylandsholm, trenar.

Kampfakta:

Bremanger - Dale, 1 - 1 ( 0 - 1 )

Gule kort: Håvard Mjølkeråen

Tilskuera: Ca 100 betalande.

Dommar: Per Oddvar Lien, IL Høyang

Ass.Dommarar: Kaj-Inge Fløde, Stadlandet IL. Arnfinn Strømsli Hallanger, Førde IL.


Mål:

0-1 15’ Dale.

-

1-1 71’ Ntege Aruna Cone .


Lagoppstilling (4-2-3-1)

Tommy Løkkebø

Mathias Hammersland – Håvard Mjølkeråen – Espen Frøyen – Vidar Senneset

Simen Hamre – Martin I. Senneset

Håvard Rosø – Eirik F- Rylandsholm – Ntege Aruna Cone

Martin K. Hauge

Innbyte:

62' Håvard Rosø ut, Tobias Lyngstad inn

Viste du at ?

*Håvard Rosø debuterte i dag, 14 år 7 mnd og 11 dagar gammal. Han er ein av dei yngste debutantane for Bremanger nokon gang.

* Tobias Lyngstad debuterte og i dag for Bremanger.

Diverse lenker:
Link til Firda live finner du HER.
Spelar statistikk for sesongen 2017 finner du HER.
Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER.

Sjå bilder på hauenfotball.no ved å trykke HER.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.