Poengdeling borte mot EId

Postet av Morten Ferstad den 13. Mai 2017

EID IDRETTSPARK: Det blei eit poeng til kvart av laga i solsteiken på Eid idrettspark.

Arkivfoto, Kurt Arne Hauge. Simen Hamre(solstrålen på bilde) skåra Bremanger sitt første mål i dagens kamp mot Eid.


Eid 2 - 2 Bremanger
4. Serierunde Kretsligaen 2017

Laurdag 13. mai kl 15.00

Eid Idrettspark


Det er Eid som opnar kampen best og får ein bra muligheit tidleg i kampen. Kristian Lefdal skyter frå god posisjon, men Tommy Løkkebø i Bremangerburet reddar bortelaget frå eit tidleg mål imot. Heimelaget har eit overtak første del av kampen før Bremanger kjem meir med etter kvart.

Dagens første mål er det Bremanger som skårar. Simen Hamre bryter ei svak pasning av heimelaget på 30m, han ser at keeper står langt ute og legger den kontrollert over keeper, og i mål. Ti minutt etterpå tar Cone Eid forsvaret med ut på luftetur, og skaffar frispark i god posisjon utafor 16m til Eid. Eirik Rylandsholm tar det påfølgande frisparket og slår eit presist innlegg som Håvard Mjølkeråen får haude på, og ballen går i mål via stolpen. Bremanger aukar altso leiinga til 2 – 0, som og er pauseresultatet.

Eid startar andre omgang best og styrer kampen. Midtveis ut i andre omgang før Eid lønn for strevet og får ei fortent redusering. Kristian Lefdal steler ballen frå ein Bremanger spelar og serverer ein kompis som setter ballen på opent mål. Ikkje lenge etter reduseringa blir Bremanger snytt for noko som såg ut som ei soleklar straffe når ein Eid spelar sleiver ballen opp i sin egen arm. Eid fortsetter presset og ti minutter før slutt utlikner Eid på eit langskudd. Resten av kampen presser dei på for eit nytt mål, men Bremanger haler i land eit sterkt poeng på bortebane mot Eid.


"Rylands-hjørnet"


Rylandshjørnet.jpg" 2-0 er ei farleg leiing seiast det, og den teorien viste seg i dag. Er fornøgd med 1.omgangen vår, då har vi full kontroll og kontrollera kampen sånn som vi ønsker. I 2 omgang blir det ein litt rotete kamp for vår del. Vi har slete ei periode med skade på sentrale spelarar, noko som gjere at desse spelaranne ikkje får trene normalt. Dermed går vi litt tomme for krefter, og blir litt for seine i forflyttningane. Vi blir snytt for straffespark på stillinga 2-1 med 15 min igjen på klokka, so kjipt at vi ikkje fikk den. Eid er eit lag eg forventar vi har bak oss når sesongen er slutt, men 2-2 på bortebane får vi seie er godkjent. No må vi ha oss en ny 3 poengar, og den satsa vi på å skaffe oss allereie neste helg mot Florø 2."


- Tore Førde Rylandsholm, trenar.



Kampfakta:

Eid - Bremanger, 2 - 2 ( 0 - 2 )

Gule kort: Ntege Aruna Cone, og to til Eid.

Tilskuera: 100 ca

Dommar: Dan Kåre Esp, Eikefjord IL

Ass.Dommarar: Per Olav Erikstad, Jølster IL og Ivar Kveane, Dale IL

Mål:

0-1 20’ Simen Hamre

0-2 28’ Håvard Mjølkeråen (Eirik Rylandsholm)

-

1-2 70’ Muktar Ferej Yassin

2-2 78’ Simen Lefdal



Lagoppstilling (4-2-3-1)

Tommy Løkkebø

Espen Frøyen – Håvard Mjølkeråen – Tommy T. Hauge – Oliver Igland

Tore F. Rylandsholm – Martin I. Senneset

Eirik F- Rylandsholm - Simen Hamre – Ntege Aruna Cone

Martin K. Hauge

Innbyte:

68’ Espen Frøyen ut, Vidar Senneset inn.

79’ Simen Hamre ut, Håvard Rosø inn.

85' Tommy T. Hauge ut, Espen Frøyen inn.

Viste du at ?
* Brødrene Espen og Håvard Rosø spelte i dag på kvart sitt lag. Dei var på bana samtidig i ca 10 min og konkurrerte på same side av bana. Espen som høgreback og Håvard som venstrekant. Duellen mellom brødrene får vi kalle uavgjort, for å redde husfreden!



Diverse lenker:
Link til Firda live finner du HER.
Spelar statistikk for sesongen 2017 finner du HER.
Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER.

Bilder frå Haugenfotball finner du HER.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.