Magne Elde med A-lisens som fotballtrenar.

Postet av Morten Ferstad den 18. Apr 2015

Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Etter å ha tatt C-lisens som trenar tidleg på 2000-talet og seinare B-lisens i Molde i 2006 har Magne Elde no fullført A-lisens som fotballtrenar. Han er dermed i ei eksklusiv gruppe med fotballtrenarar frå Sogn og Fjordane for dette kurset er det vanskeleg å komme inn på!

A-lisenskurset gjekk frå juni 2014 til mars 2015 og starta med ei vekessamling i Porsgrunn i juni. Der var det mykje fotballteori og kvar deltakar måtte gjennom fem praksisøkter med påfølgjande evaluering.

I august var det besøk i klubb av rettleiar og Magne vart fulgt i kampførebuing og kamp. I september var det ei ny femdagerssamling på Ullevaal med teori og eit par praksisøkter som vart filma. Deretter følgde deltakarane Stabæk inn mot ein kamp og ellers fekk eit innblikk i korleis denne klubben jobbar.

I perioden oktober-januar arbeidde Magne med den skriflege oppgåva som hadde innleveringsfrist 1.februar. Magne si A-lisensoppgåve hadde tema "Toppspelarutvikling jenter-Sunnmøre. Suksessformlar og utfordringar".

Kurset vart avslutta med ei firedagerssamling første helga i mars med oppgåveframlegging og avslutningsvis drøfting/diskusjon i grupper.

BIL fotball gratulerer Magne med A-lisensen. Dette er kjempeflott av Magne og også veldig kjekt for Bremanger Fotball!

Magne har etter kvart opparbeidd seg solid erfaring innan fotballen, både som trenar og leiar, og både på dame- og herresida. Etter mange år som trenar og leiar i Bremanger gjekk fotballreisa vidare til naboklubben vår, TMFK, der han i fleire år var dagleg leiar og sportsleg leiar. Han har også vore spelar- og klubbutviklar i Sogn og Fjordane Fotballkrets før han deretter vart dagleg leiar og trenar i Fortuna Ålesund. Etter avslutta jobb her vart han verande på Sunnmøre og jobbar no som sportskoordinator i klubben Blindheim.

BIL ønskjer Magne lykke til vidare!!

Skrevet av Johnny Rosø


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.