Årets første kamp

Postet av Morten Ferstad den 18. Apr 2015

Arkivfoto. Bremanger G12.

Bremanger sitt G12 lag var årets første Bremanger lag i aksjon. Dei spelte bortekamp mot TMFK torsdag 16 april på det nye flotte annlegget på Måløy stadion.

Bremanger starta best og tok leiinga i kampen, men mot slutten av første omgang tok TMFK meir over og leia 5 - 1 til pause.

Andre omgang var mykje lik den første, og sluttresultatet blei 10 - 3 til TMFK.

Det var ein tøff kamp mot eit god TMFK lag med mange gode enkeltspelera.

Neste kamp er på heimebane mot Selje, Torsdag 23 april, kl 18.00 i Bjørsvika.








Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.