Sesongoppkjøyringa 2015

Postet av Morten Ferstad den 24. Apr 2015

Sesongoppkjøyringa 2015 er ferdig, og endelig er det seriekampar som står for tur! Her kjem litt om treningskampane som har vert spelt i vinter.


Martin Igland Senneset i aksjon på Eikefjord cup.

A-laget har spelt totalt 9 treningskampar. Fasiten etter dei kampane er 4 sigera, 4 tap og 1 uavgjort.

- Årets første treningkamp var mot Svelgen, den kampen endte med eit meget overraskande, og meget pinleg 4 - 1 tap. Det var eit heilt forferdeleg veir i Svelgen den kvelden, pasninger, innkast, cornera og utspel blei blåst i alle retninger. Men veiret er likt for for alle, so den kampen går vi forbi i stillhet..

- Kamp nummer to var mot divisjonskollega Eikefjord. Den kampen blei og spelt i Svelgen. Då viste Bremanger seg fra ei mykje bedre side og spelte "ball i hatt" med Eikefjord store deler av kampen, og leia 3 - 0 til det gjensto ca 10 minutter. Eikefjord tok over dei siste 10min, og resultatet blei 3 - 2 til Bremanger.

- Kamp nummer tre var mot Tornado Måløy som rykte ned fra 3 divisjon i fjor, og no befinner seg i 4 divisjon. BIL fikk vist seg fra ei god side i store deler av kampen, og spelte periodevis jamt mot eit godt 4. divisjonslag. Sjølv om banespelet periodevis var jamt kom ikkje BIL til dei heilt store sjansane. TMFK var mykje bedre innafor begge 16m, og vant fortjent. Stillinga blei 5 - 0 til TMFK. BIL sitter nokk med følelsen av at det var litt vel mykje utifra sjansar. Men slik er fotballen, ikkje alltid ein får som ein sjølv meiner ein fortjener.

- Kamp nummer fire var mot TMFK sine nest beste, divisjonskollega TMFK2. Her var det stor forskjell på laga og Bremanger vinner fortjent 5 - 0. BIL tok leiinga allereie etter 15 sekund, det må vere ny rekord i BIL historia(?).

- Kamp nummer fem var borte mot 6. divisjonslaget Tempo. Bremanger stilte med kun 12 mann, inkludert to halvskada trenarar som bytta med kverandre kvart 10 min. Kampen endte 7 - 3 til Bremanger.

- Kamp nummer 6 var borte mot 4.divisjonslaget Skavøypoll. Der blei Bremanger rett og slett overkjørt i starten og etter rapportane låg dei under med 4 mål etter 7(!) minutt. Resten av kampen var heller ikkje noke imponerande frå Bremanger si side, og resultatet blei 9 - 2 til Skavøypoll.


Etter det tok A-laget ei pause fra treningakampa fordi halve laget sleit med småskader.


Martin Klakegg HaugeEikefjordcup 2015


For 33(!) året på rad blei Eikefjord cup arrangert. Nytt i år var at alle lagene som blei invitert spelar i 5.divisjon. Dei siste årene har Florø og Førde prega cupen med sine andrelag. Med kun 5. divisjonslag blei turneringa jamnare, og meir underhaldande.


Årets lag var:

Gruppe 1:
Bremanger, Selje og Askvoll.

Gruppe 2:
Eikefjord, Gaular og Jølster.


Bremanger reiste inn til fjorden med mykje folk, heile 17 spelara var med laurdag, og 18 på søndag.

Første kamp i gruppespelet var mot Askvoll, eit lag BIL møtte i fjor på Eikefjordcup. Då vant BIL 7 - 3 etter å ha låge under 0 - 3 til pause.

Gruppespel
*Kampane på laurdag gjekk over 2 omganger på 30 minutt.

- Første kamp mot Askvoll endte 1 - 1. Bremanger burde vunnet med minst 5 mål, ja faktisk med minst 5. Elendige avslutningar gjore at 1 poeng var det BIL fikk ut av den kampen, utrulig nokk.

- Kamp nummer to var mot avdelingskollega, Selje IL. Det var ein periodevis jamnspelt kamp, men Selje hadde stort sett eit lite overtak. Selje var litt heldige med enkelte av måla sine. Husker eg rett fikk dei ei straffe som skulle vert frispark, og so var vår ellers gode keeper uheldig på to av målene. Selje vinner kampen 4 - 0. Vinner ein med fire mål er det fortjent uansett kva vi måtte seie til vårt forsvar. Alle forklaringer er bortforklaringer ;)


Bronsefinale

SImen Hamre og Kristian Hauge
Etter gruppespelet på laurdag var det klart at Bremanger skulle spele bronsefinalen på søndag. På motsatt halvdel sto arrangøren av turneringa, Eikefjord IL.

Som nevnt so spelte Bremanger ein treningskamp mot Eikefjord tidligare i vinter. Då vant Bremanger 3 - 2.

Den kampen her var veldig lik sist kamp, Bremanger var det førande laget og styrte spelet. Bremanger styrer kampen fra første spark og vinner fult fortjent 4 - 0. Eikefjord mangla vist mykje folk til den kampen her, so det blir spennande å sjå korleis det går når serien starta opp førstkommande helg.

Verdig vinnar

Selje IL vant turneringa på eit imponerande vis. 3 sigera av 3 mulege, og 17 - 1 i målforskjell. Selje viser seg som ein klar opprykksfavoritt i årets 5 divisjon.


Middels oppkjøyring

Oppkjøyringa til BIL har vert sån midt på treet. Periodevis har det vert mykje folk på trening og ein har fått noken gode økter. Skadeproblemer har vert den største utfordringa til no i vinter, A-laget har ikkje fått stilt ein tilnærma skadefri tropp i noken av dei 9 treningskampane.

Mange sentrale spelara har slitt med skader under heile oppkjøyringa so det blir spennande å sjå korleis det går når serien startar førstkommande søndag.

Bremanger spelar første seriekamp på "heimebane" i Svelgen, då grasbana på Hauge ikkje er klar til kamp.



Dei her deltok på Eikefjord cup. Pluss dei to karane under:



Fleire bilder finner du HER, i bildegalleri og på Facebook gruppa vår :)



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.