Før kampen: Bremanger - Førde 3

Postet av Morten Ferstad den 9. Mai 2015

Søndag kl 14.00 spelar seniorlaget sin første heimekamp på Bremanger stadion. Møt opp å sjå kva gutane kan få til.

Simen Hamre
La oss håpe Simen Hamre fortsetter med å skåre og assistere mange mål!

Bremanger - Førde3
3 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Søndag 10. mai kl 14.00
Bremanger stadion


Søndag er dagen folkens, då spelar seniorlaget sin første heimekamp i Bremanger. Mostandar er Førde sitt tredjelag. Det er eit lag Bremanger aldri har spelt mot før(trur eg), så mykje informasjon sitter ikkje vi på.

Førde 3 hadde ikkje noko god sesong i fjor og kom på 8 plass av 9 mulege i 5. div avdeling 1.

Det blir sansynlegvis ikkje live oppdatering her på heimesida. Vår mann med brotne tær, Tom Hem skal ha Firda live oppdatering, følg den gjerne på linken her.

Varierande resultat

Bremanger er stinne av sjølvtillit etter den meget sterke sigeren mot Selje i førre runde, og vil vere ekstremt motivert frå kampstart! Vårt heimepublikum forventer nok eit meget underhaldande Bremanger-lag, så la oss håpe at underlaget spelar på lag med Bremanger i denne kampen.

Førde sine tredje beste har starta årets sesong varierande. Dei begynte med eit ufortjent 2 - 0 tap i Eikefjord. I neste kamp reiste dei kjerringa og følgde opp med ein svært overbevisande 9 - 0 siger heime mot Hornindal.

Bremanger på si side kjem frå ein sterk 4 - 1 siger på bortebane mot Selje IL, og toppar tabellen framfor Stryn2 på målforskjell.

Her finner du tabellen i 5. divisjon avdeling 2.

Redusert tropp

Fra førre kamp mot Selje er det ein del forandringar på Bremanger. Den solide stopparen Jan Rune Nigardsøy og høgreback Oliver Igland er ikkje å finne i troppen.
I tillegg er Roy Atle Igland, Tom Hem, Walter Høyvik Jr, Magnus Myrhol vekke, og Tore Rylandsholm og Morten Ferstad er usikre.

Taktikken til kampen blir lagt over eit par kampar FIFA hos Tore i kveld. Trenarteamet, kapteinen og visekapteinen deltek.

Larsen i troppen

I troppen finner vi Gøran Larsen som igjen er klar for spel i den raude, flotte og fantastiske Bremanger drakta.

Dagens (lørdag) trening på grasbana gjekk med til å bli vandt med underlaget. Det er stor forskjell på å spele på ei kunstgrasbane samanlikna med ei humpete grasbane. Uansett, underlaget er likt for begge lag, og vi ønsker oss sjølv lykke til med kampen, og håpar den gode poengfangsten fortsetter!


Bremangers tropp:

Mathias Hauge, Espen Frøyen, Torbjørn Førde, Vidar Senneset, Kristoffer Lågeide, Simen Hamre, Gøran Larsen, Martin Senneset, Mathias Hammersland, Martin Klakegg Hauge, Mads Førde Os, Eirik Rylandsholm og Espen Rosø.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.