Uavgjort i toppkampen

Postet av Morten Ferstad den 27. Mai 2015

MÅLØY STADION: Smågutane måtte nøye seg med poengdeling i toppkampen mot Tornado Måløy.

Håvard Rosø
Arkivfoto. Håvard Rosø skåra 3 mål i denne kampen.

Tornado Måløy 6 - 6 Bremanger
Smågut 7'ar, 19 mai 2015
Måløy stadion

Etter tre strake sigrar i seriestarten var Bremanger sitt småguttelag klare for toppkamp på bortebane mot TMFK. TMFK på si side hadde spelt ein kamp meir enn BIL og stod med full pott på desse kampane! Vi var derfor førebudde på ein tøff bortekamp.

Henrik Nygård var dessverre ikkje disponibel pga. tåskade. Vi hadde med desse spelarane opp til Måløy: Markus Nødset Frøyen, Ole Martin Nybø, Malin Hoddevik Hauge, Ole Kristian Nigardsøy, Håvard Rosø, Sivert Klakegg Hauge, David Kolak og Kim Christian Liseth.

Vi leverte ein god 1.omgang og hadde bra kontroll det meste av omgangen. Vi tok ei tidleg leiing, men TMFK utlikna raskt. Deretter var det veldig mykje BIL og vi kunne gå til pause med ei solid 6-1 leiing etter scoringar av Håvard(3), Sivert, Ole Kristian og Kim Christian.

2.omgang skulle vise seg å bli veldig annleis for vår del. Vi følte oss egentleg bra skjerpa og innstillte på å fortsette som i 1. omgang, men det klarte vi ikkje. Ein kombinasjon av at TMFK heva seg, at vi vart slitne og datt litt nedpå, ei fem minutts utvisning på Håvard og også andre årsaker (!) gjorde at TMFK tok igjen vår 5-målsleiing, og det stod 6-6 då det nærma seg kampslutt. Dei siste minutta vart særs spennande. TMFK holdt på å gå i leiing, men ei glimrande redning av Markus hindra dette. Og minuttet før slutt får vi straffe, men dessverre redda TMFK-keeperen denne og kampen endar dermed uavgjort.

Hadde vi på førehand visst at vi kunne reise heim igjen til Bremanger med poeng så hadde vi vore fornøgde, men med tanke på at vi leia mykje ved pause samt at vi denne kvelden av diverse årsaker møtte eit redusert TMFK-lag så er vi skuffa. Men vi må berre riste av oss skuffelsen og stå på vidare!!! Totalt sett har likevel småguttane til BIL hatt ein veldig fin start på sesongen.

Terminliste og tabell finner du her.

Tekst av Johnny Rosø.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.