Oppkjøyring sesongen 2017

Postet av Morten Ferstad den 3. Mar 2017

Seniorlaget er allereie godt igang med oppkjøyringa til sesongen 2017. Gjengen trenar 4 dagar i veka, og det er gjennomsnittleg 10-12 spelarar på kvar trening.

Årets første treningskamp gjekk laurdag 11 februar. Motstandar var tidligare Bremanger trenar, Magne Elde sitt lag, Blindheim IL fra Ålesund område. Det var ein jamn kamp som endte 3 - 3.

Dagen etter reiste gjengen til Sandane for å spela kamp nr to på like mange dagar. Den kampen endte 3 - 2 til Sandane. Det blei rapportert om tunge bein då det var kun 13 spelarar disponible for kamp den helga.

Planlagte treningskampar:
- Lørdag 4 mars: Treningskamp mot Florø 2 kl 15.00 i Florø.

- Lørdag 18 mars: Treningskamp mot Smørås kl 15.30.

Seniorlaget skal ha ei sosial helg i Bergen og skal spele treningskamp mot 5 divisjonslaget Smørås, som tidligere Bremanger spelar og trenar, Kjetil Fosse Elde er trenar for.

- Lørdag 8 april: Generalprøve mot Tornado Måløy i Måløy.

22 april: Seriestart heime mot Høyang.

Full terminliste finner du her.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline