Bremanger spelarar på fotballskule.

Postet av Morten Ferstad den 4. Apr 2017

F.v: Nani Sofie Langeland, Kim Christian Liseth, Sander Vike og Tobias Svarstad.


Denne vinteren har fire 2004-spelarar frå Bremanger vore med på SFFK fotballskule i regi av Eid I.L. Etter nominering frå klubbane så har både Nani Sofie Langeland, Kim Christian Liseth, Tobias Svarstad og Sander Vike frå Bremanger I.L. fått muligheten til å vere med på dette. Dei har saman med dei beste spelarane frå dei andre Nordfjord-klubbane deltatt på fem treningar på Idrettsparken på Eid under leiing av dyktige trenarar frå Coerver Coaching. Dette er profesjonelle trenarkrefter og det er veldig lærerikt å vere på slike samlingar! Dette er første trinn i Sogn og Fjordane Fotballkrets sin spelarutviklingsmodell og dei fire nemnde spelarane har representert BIL på ein god måte på desse treningane. Stå på vidare, tren masse og ha det kjekt med fotballen i åra som kjem!


Tekst av Johnny Rosø.


75 Kommentarer

Kommentarer

— Guest