Skåringsklubben 2017

Postet av Morten Ferstad den 12. Apr 2017

Skåringsklubben 2017

Då er seniorlaget ferdig med treningskampane, og neste kamp er seriepremiera mot Høyang som blir spelt laurdag 22.04.17 kl 15.00 på Svelgen stadion. I år skal Bremanger fotball ha ein skåringskonkurranse der DU kan vere med å tippe antal mål seniorlaget kjem til å skåre på dei 22 seriekampane som skal spelast.

Her kjem litt info som kan hjelpe deg til å komme med eit tips:

Treningskampar spelt i 2017:

- Bremanger – Blindheim (5div) 3 - 3

- Sandane (5div) – Bremanger 3 - 2

- Florø 2(4div) – Bremanger 3 – 1

- Smørås(5div) – Bremanger 5 - 2

- Tornado Måløy(4div) – Bremanger 0 - 1

I fjor spelte seniorlaget 22 seriekampar, og skåra 42 mål.

Link til tabellen i fjor: https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/tabell/?fiksId=148244

Link til årets serie: https://www.fotball.no/fotballdata/lag/tabell/?fiksId=161944


Send oss ditt tips og bli med i konkurransen! Den som tipper rett/nærmast ant mål seniorlaget skåra i Kretsligaen 2017 vinner 3000kr! Blir det fleire vinnarar blir det "split pot" og alle vinnarar deler premien.

1 tips: 200kr

2 tips: 300kr

3 tips: 400kr

osv.

- Send ditt tips på vipps! Betal XXX kr og merk betalinga med ”Ditt/dine namn” og ”Ditt/dine tips” til Bremanger Fotball Målklubb med vippsnummer 96096.

- Har du ikkje vipps? Da kan du overføre XXX kr til BIL’s Målklubb og merk betalinga med ”Ditt/dine namn” og ”Ditt/dine tips” til konto: 3705.33.82771.

Alle tips blir offentleggjort på heimesida slik at alle kan sjå kor mange som deltek i konkurransen, og for å sjå kva andre har tippa.

VIKTIG Å MERKE INNBETALING MED NAVN OG ANT. MÅL!

SISTE FRIST FOR Å SENDE DITT TIPS ER LØRDAG 22 APRIL KL 14.59.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline