Seriestarten er rett rundt hjørnet!

Postet av Morten Ferstad den 11. Apr 2017

A-laget 2017

Bak f.v: Martin K. Hauge, Eirik F. Rylandsholm, Gøran Larsen, Simen Hamre, Oliver Igland, Håvard Mjølkeråen, Tommy T. Hauge, Roy Atle Igland, Tore F. Rylandsholm, Morten Ferstad.  Framme f.v: Walter Høyvik Jr, Ntege Aruna Cone, Kristoffer Lågeide, Martin I. Senneset, Øyvind Langeland, Espen Frøyen, Torbjørn Førde, Mathias Hammersland og Håvard Rosø.  Dei som mangla på det bilde er: Vidar Senneset og Tommy Løkkebø.  Trenarar: Tore F. Rylandsholm og Morten Ferstad  Lagleiar: Roger Nyborg

Bak f.v: Martin K. Hauge, Eirik F. Rylandsholm, Gøran Larsen, Simen Hamre, Oliver Igland, Håvard Mjølkeråen, Tommy T. Hauge, Roy Atle Igland, Tore F. Rylandsholm, Morten Ferstad.

Framme f.v: Walter Høyvik Jr, Ntege Aruna Cone, Kristoffer Lågeide, Martin I. Senneset, Øyvind Langeland, Espen Frøyen, Torbjørn Førde, Mathias Hammersland og Håvard Rosø.

Dei som mangla på det bilde er: Vidar Senneset og Tommy Løkkebø.

Trenarar: Tore F. Rylandsholm og Morten Ferstad

Lagleiar: Roger Nyborg


2017 sesongen blir ein meget spennande sesong for alle som er glad i Bremanger fotball. For andre gang i historia spelar A-laget på det øvste nivået i fylket, sist det skjedde var på 80-talet. I kretsligaen 2017 møter vi store lag i fylket som Stryn, Årdal, Sogndal 2, Florø 2 osv, so med andre ord mange tøffe utfordringar.

Optimisme

Vi går på ein ny sesong med stor entusiasme og optimisme. Vi har jobba oss opp ein god treningskultur, og har eit godt samhald i gruppa. Fokuset vårt er utvikling og trivsel. Vi har ei stabil treningsgruppe her heime, der vi ligger på 12 mann i snitt på fellestreningar, samtidig som vi i år også har folk som bur vekke p.g.a. studie og jobb andre plasser i vårt langstrakte land. Samtidig har vi jobba oss opp på eit så bra nivå at vi får inn gode spelarar som ikkje har tilknyting til Bremanger. Vi lovar full trøkk frå første match, og skal bite godt ifrå oss i år også!

Nye Spelarar

Ntege Aruna Cone

Første mann inn BIL porten var Cone. Når vi fekk høyre at Cone var ledig på markedet var vi raske til å kaste oss rundt. Ein fantastisk signering for oss, som vil gje oss nye strengar å spele på. Cone er ein rask, teknisk og sterk spelar. Han er også ein målgarantist, so dette blir veldig spennande. Han har spelt for Florø sidan 2014, men er no klar for den raude drakta. Cone bur og går på skule i Florø. Sjølv om han går frå Florø til oss, so trenar han med Florø 2. Vi takkar Florø for at han får trene der, sjølv om han skal spele i den raude drakta. Vi er veldig stolte over å presentere Ntege Aruna Cone.

Tommy Løkkebø

Neste mann inn døra var Løkkebø. Ein fantastisk keeper med fartstid i Florø, Førde og Eikefjord. I Løkkebø får vi inn ein god og rutinert keeper som vil gje trygghet og ro i laget. Vi setter veldig stor pris på at Løkkebø ønsker å vere med på å halde Bremanger skuta på stø kurs og bidra til at vi fortsetter den fine utviklinga vi har hatt dei siste åra. Han vil også funger som keepertrener og mentor for vår unge og lovande reservekeeper, Øyvind Langeland. Nok ei solid signering for Bremanger. Vi ønsker Løkkebø hjarteleg velkommen til fotballfamilien i Bremanger.

Tommy Totland Hauge

Ein ekte Bremanger gut vender tilbake! Etter å ha vore vekke frå Bremanger fotball i mange år har Mister Hauge bestemt seg for å ta i eit tak for Bremanger igjen. Med Tommy inn, har vi skaffa oss eit fantastisk stopparpar i nemnde Hauge og Eikefjordingen Mjølkeråen. Her osar det muskelkraft, råskap og duellkraft. Med desse to saman vil vi vere eit frykta dødball lag, og ha den roen og tryggheten vi trenger på dødballar i mot. Her snakkar vi vinnarvilje og autoritet. Vi er veldig glade for at Tommy "vender heim" og vi gler oss til å sjå han i aksjon for oss.

Opp frå egen klubb

Øyvind Langeland

Etter å hatt nokon år utan fotball på agendaen, har Langeland for fullt gått inn for fotball igjen. Her har vi Bremanger sin framtidige sisteskanse. Øyvind er 18 år, og er eit spennande keepertalent. Han har vist mykje bra på trening i vinter. Han er ein veldig reaksjonssterk keeper, som er god på strek og i ein mot ein situasjon mot angripar. Med Løkkebø som referanse og mentor vil Langeland utvikle seg raskare og få den oppfølginga han trenger for å bli ein klassekeeper for Bremanger. Vi er veldig glad for at Langeland er tilbake og gira på å bli Bremangers nye nr 1 i framtida.

Håvard Rosø

Her har vi eit stortalent. 14 åringen er allereie klar for å bidra i Kretsligaen. Han putta eit flott mål mot Florø 2 i sin første treningskamp for A-laget. Håvard er utan tvil eit av dei største talenta i Bremanger si historie. Treningsvillig som få. Du kan sjå Håvard på kunstgraset før skulen byrjar om du køyre forbi om morgonen, og det varmar eit trenarhjarte. Han er fotballklok tross sin unge alder, flink til å skaffe seg rom, fin og slepen teknikk, trygg og god i pasningspelet, meget god skuddfot og jobbar hardt. Med andre ord alt man ønsker. Vi ser fram til å følge utviklinga til Håvard, og gler oss til å sjå han på bana i 2017!

Ut

Espen Rosø

Rosø valgte å gå til Eid i vinter, då han går på vidaregåandeskule på Eid. Vi vart sjølvsagt skuffa over å miste eit talent og ein viktig spelar i våre framtidsplanar til ein konkurrent. Vi ønsker Espen lykke til. Døra står alltid open i Bremanger, so om vår Espen ønsker seg tilbake er han hjarteleg velkommen heim.

Mathias Hauge

Bremanger sin sisteskanse i Bremanger fotball si beste periode i moderne tid har tatt valet om å trappe ned. Mathias har vore ein solid keeper for oss dei siste åra, og vi takkar tigeren vår for sitt gode keeperarbeid. Han står fremdeles i klubben, men vil kun vere aktuell i nødssituasjonar.

Første serierunde er førstkommande laurdag mot Høyang i Svelgen kl 15.00!

Minner og om Bremanger fotball sin skåringskonkurranse. BLI MED VED Å TRYKKE HER.


Tekst av Tore F. Rylandsholm og Morten Ferstad.



0 Kommentar

Kommentarer

— Guest
Captcha
Levert av IdrettenOnline