Siger i seriepremiera

Postet av Morten Ferstad den 22. Apr 2017

SVELGEN STADION: Bremanger startar sesongen med ein flott siger på heimebane mot Høyang.

Ntege Aruna Cone(t.h) blir gratulert av lagkameratar etter si 2-0 skåring.


Bremanger 2 - 0 Høyang

1. Serierunde Kretsligaen 2017
Laurdag 22. april kl 15.00
Svelgen stadion



I flotte speleforhold på Svelgen Stadion er det heimelaget som kjem best i gang, og får kampens første muligheit. Eit langt innkast frå Espen Frøyen blir stussa vidare til Simen Hamre, han får ikkje eit skikkelig treff på ballen og skyter rett utafor.

Heimelaget har ei god periode i starten av kampen og står høgt på Høyang. Det blir mykje ”nesten”, og med litt marginar imot på dødballar so er dei store sjansane fråverande. Det går 39 minutt før ein skikkelig sjanse blir notert. Ein god Eirik Rylandsholm slår eit veldig bra innlegg som Tommy T. Hauge får haude på, men haude er ikkje stort nok og heddinga går utanfor. Dagens første store sjanse!

Rett før pause er det Høyang som yppar seg, og kjem seg til ein bra sjanse. Høyang sin gode spiss, Joakim Måren får ein muligheit frå hjørnet av 16m, men skuddet er for svakt og Tommy Løkkebø i Bremangerburet har full kontroll. Etter den sjansen blåser dagens gode dommar, Yngve Håkonsen av omgangen, og lagene går til pause på stillinga 0 – 0.

2.omg startar med sjansar begge veger. Høyang får først ein stor sjanse etter ei fin kontring, men Løkkebø får redda, og Høyang får hjørnespark. Bremanger får klarert det påfølgande hjørnesparket og kjem på ei fin kontring der Cone blir felt på ca 25m. Det påfølgande frisparket er godt slått av Simen Hamre og Cone får hedda mot mål, men Høyang sin keeper reddar mesterlig, og Høyang klarerer til innkast. Bremanger sin langtkastande høgreback, Espen Frøyen, tar innkastet og etter litt fram og tilbake skyter Mjølkeråen, men Høyang får med nød og neppe blokkert forsøket frå krigaren frå Eikefjord.

Ikkje lenge etter kjem Høyang aleine med keeper. Spissen prøver å runde Løkkebø i målet, men han får for dårlig vinkel til å skyte og prøver heller ei pasning til ein lagkamerat. Kompisen står i offside og sjansen er spolert.

Resten av kampen handla det meste om Bremanger. Dagens første mål kjem når Martin K. Hauge vinner eit langt oppspel frå Tommy T. Hauge, og ballen ender opp i føta på Cone, Cone lar seg ikkje be to gangar og banker ballen i mål! 1 – 0 til heimelaget, og det må seiast å vere fortent.

Etter målet fortsetter Bremanger å skape mange store sjansar, men ballen vil ikkje i mål. Heimelaget brenner blant anna eit straffespark. Rett etter klokka passerer 90 min punkterer endeleg Bremanger kampen. Cone og Eirik kombinerer fint ute ved hjørneflagget og Cone tar med seg ballen mot mål og banker den i nærmaste hjørnet. Game, set, match.


*Debutant Ntege Aruna Cone blei veldig fortent kåra til banens beste av publikum.



"Rylands-hjørnet"


rylandshjørnet.jpg" Då er første seriekamp unnagjort. Alltid litt ekstra nerve, kribling og spenning i kroppen i forkant av seriepremiera. I dag var vi solide. Vi har god kontroll stort sett heile kampen igjennom. Mykje nesten i 1 omgang, og i 2 omgang får vi hull på byllen, og vinn fortent. Sigeren burde vore noko større, men det viktigaste er innkassere 3 poeng. Det mest gledelige er at vi har fått en god balanse i laget, defensivt er vi meget bra, og framover viser vi tidvis god fotball. Dei nye signeringane imponerte, og passar perfekt inn i laget vårt. Cone kosa seg på venstre sida, og var eit konstant uromoment for HIL sin høgreback. Tommy Totland Hauge leverte trøkk og duellstyrke, og Tommy Løkkebø spelte med ro og rutine og tok seg enkelt av det Høyang kunne by på. No gleda vi oss til bortekampen mot Stryn. Det blir ei tøffare utfordring, men vi er klare til å ta utfordringa. Vi e dei rød....."


- Tore Førde Rylandsholm, trenar.

Kampfakta:

Bremanger - Høyang, 2 - 0 ( 0 - 0 )

Gule kort: Espen Frøyen, Simen Hamre, Vidar Senneset. Og 2-3 stk til Høyang.
Tilskodarar: 40-50
Dommarar: Yngve Håkonsen, Fjøra FK

Ass.dommarar: Jostein Christian Haugland, Haugen IL og Steve Sibondagara, Eil IL.


Mål:

1-0 59' Ntege Aruna Cone
2-0 90+1' Ntege Aruna Cone (Eirik Rylandsholm)


Lagoppstilling (4-2-3-1)

Tommy Løkkebø

Espen Frøyen – Håvard Mjølkeråen – Tommy T. Hauge – Vidar Senneset

Tore F. Rylandsholm – Martin I. Senneset

Eirik F. Rylandsholm – Simen Hamre – Ntege Aruna Cone

Martin K. Hauge

Innbyte:

Ingen.

Viste du at ?

*Tommy Løkkebø og Ntege Aruna Cone debuterte i dag for Bremanger IL.

*Tommy Totland Hauge spelte sin første kamp for Bremanger siden 2008 sesongen. Han spelte og i dag sin kamp nr 50 for Bremanger.

*Det er nøyaktig 1år sidan seriepremiera i fjor. Då spelte Bremanger på same dag, samme bane, og mot same motstandar. Då tapte Bremanger heile 7 – 0!

Diverse lenker:
Link til Firda live finner du HER.

Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER.

Link til statistikk for senior finner du HER.

Les om kampen på Firdaposten ved å trykke HER. (abo)

Les om kampen på FJT ved å trykke HER. (abo)


8 Kommentarer

Kommentarer

— Guest
Captcha
Levert av IdrettenOnline