Snuoperasjon på overtid

Postet av Morten Ferstad den 30. Apr 2017

STRYN KUNSTGRASBANE: Seriefavoritten Stryn snur 0 – 2 til 3 – 2, sju minutter på overtid.


Stryn 3 - 2 Bremanger
2. Serierunde Kretsligaen 2017
Laurdag 29. april kl 15.00
Stryn kunstgrasbane


Det er heimelaget som opnar kampen best og får eit par hjørnespark. På det eine prøvar dei seg på eit innøvd trekk, men skuddet går på utsida av stolpen. Dei neste minuttene er det stygge taklingar det handlar om. Først blir Simen Hamre takla veldig hardt, og Stryn spelaren kan puste letta ut når fargen på kortet er gult. Like etterpå er det Cone som blir måka ned. Ufine situasjonar der to av BIL sine beste spelarar blir takla unødvendig hardt.

Dagens første mål er det Cone som skårar. Den raske vingen kjem åleine med Stryn sin keeper og blir lagt i bakken inne i 16-meteren, og dermed blir det straffespark. Cone tar straffa sjølv og setter den i mål. Ikkje lenge etterpå setter Martin K. Hauge ballen i mål, men assistentdommaren markerer for ein offside som såg korrekt ut. Resten av omgangen er det Stryn som er det førande laget utan å skape noko store sjansar. Rett før pause får Cone servert ein gåvepakke etter kommunikasjonssvikt mellom ein forsvarar og Stryn sin keeper. Cone får ballen på opent mål og kan enkelt sette den frå eit par meter. Bremanger går til pause med ei overraskande, og noko ufortent leiing.

Andre omgang opnar med ein gigantisk sjanse til Bremanger! Cone plukkar opp eit laust tilbakespel og vippar ballen over keeper, men skuddet går rett utafor målet. Stor sjanse! Resten av omgangen handlar alt om heimelaget. Stryn har ballen omtrent heile tida, og pumpar ballen opp i BIL sin boks og satsar på å gjere jobben med duellkraft. Stryn som er eit lag beståande av høge og sterke spelarar får nokon store sjansar med den taktikken, og det er ei blanding av uflaks og udyktighet som gjer at Stryn ikkje får ballen i mål. I tillegg til den første skåringa til Stryn som kjem på eit straffespark etter 69 minutt har Stryn ei hedding rett utafor, eit skudd i tverra og eit skudd som treffer innsida av stolpen.

Fem minutt før full tid klinkar Tore Rylandsholm og Tommy T. Hauge haud, og begge blir liggande. Etter kvart røyser begge seg og er klar for å fortsetter kampen, trur dei. Etter eit minutt til på bana innser Tommy T. Hauge at kampen er over for hans del, og han må bytast ut. Når Bremanger mista sitt fyrtårn i forsvaret kjem Stryn nærmare og nærmare ei utlikning. Fire minutt på overtid får Stryn lønn for strevet og utliknar på eit langskudd frå 16m, ei utlikning som må seiast å vere svært fortent. No forventar nok alle at kampen endar uavgjort og begge laga tar med seg eit poeng kvar, men Stryn skal få ein siste sjanse. 7min på overtid skårar Stryn på eit direkte frispark, og vinner kampen.

Det er fortent at Stryn vinner kampen, det kan ingen seie noko på. Men å tape ein kamp ein leiar tre minutter på overtid er ei utrulig trasig oppleving. Kva dagens dommar legger til so mykje tid for er uforståeleg når det i andre omgang blir gjort tre byte, og situasjonen med Tore og Tommy tar eit minutt eller to.


Kampfakta:

Stryn - Bremanger, 3 - 2 ( 0 - 2 )

Gule kort: Martin Senneset og Håvard Mjølkeråen. 2 til Stryn.

Tilskuera: 100 ca

Dommar: Thor Kristian Sortevik, Svelgen TIL

Ass.Dommarar: Rune Haugland, Haugen IL, Abdinazir Mahamed Abdi, Eid IL.


Mål:

0-1 14' Ntege Aruna Cone (straffe)

0-2 44' Ntege Aruna Cone

-

1-2 69’ Mads Wie (straffe)

2-2 90’+4 Mads Wie

2-3 90’+7 Marius Rauset (direkte frispark)


Lagoppstilling (4-2-3-1)

Tommy Løkkebø

Espen Frøyen – Håvard Mjølkeråen(K) – Tommy T. Hauge – Oliver Igland

Tore F. Rylandsholm – Martin I. Senneset

Eirik F. Rylandsholm – Simen Hamre – Ntege Aruna Cone

Martin K. Hauge

Innbyte:

43' Simen Hamre ut, Vidar Senneset inn.

87' Tommy T. Hauge ut, Kristoffer Lågeide inn.

Viste du at ?

*Sist gang desse laga møttes i seriesystemet var i 1983, då spelte begge laga i fylkets øvste divisjon, slik som no.

Diverse lenker:
Link til Firda live finner du HER.

Statistikk for sesongen 2017 finner du HER.

Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER.

Les kva Fjordingen skriver om kampen ved å trykke HER.

Les kva Fjordenes Tidende skriver om kampen ved å trykke HER. (abo)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.