Sommarleir 2015

Postet av Morten Ferstad den 18. Apr 2015

Også i år har Nye Bremanger teke initiativ til å arrangere sommarleir for born, men i år er det Bremanger idrettslag som har ansvar for heile opplegget. Planen er som tidlegare år å halde to leirar, den eine i veke 26. (22. – 26. juni) og den andre i veke 27. (29. juni – 3. juli). Vi må sjølvsagt ta atterhald om nok påmeldingar, men erfaringane frå i fjor viste at dette var eit tilbod som mange nytta seg av.

I opplegget som er planlagt har vi tenkt er å bruke nærmiljøanlegget i Bjørsvika som base. Leiren er open frå klokka 08.30 og det vert aktivitetar frå klokka 09.00 til klokka 15.30. Borna må verte henta innan klokka 16.00.

Av planlagde aktivitetar kan vi nemne fiskturar med lokale båtar, fjellturar, bading på Grotlesanden, kanskje får vi besøk av redningsskøyta og sjølvsagt mykje leik og moro i det flotte nærmiljøanlegget og området rundt. Vi tenkjer å ha same opplegget som i 2014 men med litt endringar på aktivitetane. Viktig at borna som skal vere med er klar over at dette er ei aktivitetsveke med ulike friluftsaktivitetar, og mottoet er UT PÅ TUR ALDRI SUR !

Vi kjem til å sette opp program for heile veka, og dele deltakarane i grupper, slik at dei kvar dag veit kva dei skal gjere på.


Sommarleiren er open for born frå 1. til og med 7. klasse. Når det gjeld deltakaravgifta vil den verte som i 2014 på 1.350 kroner pr. deltakar. Om det er fleire søsken som deltek vil kostnaden vere 2.350 kroner for to born og 3.350 kroner for tre born osv.

Bindande påmeldinga til: bilsommaraktivitet@gmail.com innan 15 mai 2015. Det er først til mølla-prinsippet som gjeld, og alle påmeldingar må innehalde kva veke som er ønskjeleg, namn på barnet, fødselsdato og kontakttelefon til føresette.

Betaling for sommarleiren skal til kontonummer 3776 07 01476 med betalingsfrist 20 mai 2015..

Merk betalinga med namn på deltakar.


Endeleg program med gruppeinndeling vert sendt ut 14 dagar før Sommarleiren tek til. Om det er spørsmål eller trong for meir opplysningar ta gjerne kontakt på e-post eller ring Anne Kristin Førde telefon 99 16 90 91

NB. Påmelding innan 15.mai 2015

Vi håpar mange vil vere med på sommarleiren i 2015!



Bremanger den 02.04.15

Med helsing


Anne Kristin Førde , Kontaktperson BIL

Evy Colliander, Leiar fotballgruppa BIL

Anette Igland, Leiar Bremanger IL


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline