Solid siger i første kamp

Postet av Morten Ferstad den 24. Apr 2015

BJØRSVIKA NÆRMILJØANLEGG (HAUGE): Bremanger sitt småguttelag opna serien med ein flott siger heime mot Skavøypoll.


20.04.15 Bjørsvika kunstgras Bremanger-Skavøypoll G13/14, 7-ar

På denne fine aprilkvelden var det klart for seriestart for Bremanger sitt 7-arlag smågutt og motstandar var Skavøypoll. Bremanger hadde desse spelarane disponible til denne kampen: Markus Nødset Frøyen, Henrik Nygård (kapt.), Ole Martin Nybø, Malin Hoddevik Hauge, Håvard Rosø, Ole Kristian Nigardsøy, Sivert Klakegg Hauge, David Kolak, Nikolai Nesje og Kim Christian Liseth. Vi hadde dermed fire forskjellige årgangar på laget; 2001, 2002, 2003 og 2004!

Bremanger får ein kanonstart då Håvard scorar etter berre eitt minutt og 1-0 til BIL. Bremanger har eit solid grep om kampen i starten og etter 8 minutt doblar Malin, einaste jenta på bana, leiinga etter corner frå Ole Kristian. BIL hadde spelt veldig godt til no, men slapp deretter Skavøypoll ein liten periode meir inn i kampen. Dei får komme til fleire avslutningar, først i stolpen og så i nettet og redusering til 1-2. Men BIL svarar umiddelbart. Etter fint spel blir Håvard spelt fri sentralt i bana og på eit skudd frå langt hold aukar han leiinga til 3-1. BIL pressar kraftig no og Ole Kristian er veldig nær scoring, men avslutninga går i stolpen. Og i staden for tremålsleiing så dett BIL litt nedpå dei siste ti minutta av 1.omgang og Skavøypoll får redusere til 2-3 og like etterpå utlikne til 3-3 før pausesignalet gjekk.

Kim Christian Liset

På slutten av 1.omgang fekk Kim Christian sin smågutte-debut og i 2.omgang fekk han mange gongar vist kvifor han får lov til vere med og spele med og mot eldre spelarar. Banens yngstemann, 2004-modell frå Kalvåg, er ein fotrapp spelar med gode avslutningsegenskapar og laga ekte "hat-trick" i løpet av 2.omgang. På 4-3 scoringa gjorde han det meste sjølv medan 5-3 og 6-3 kom etter nydeleg Bremanger-spel med mange BIL-spelarar involverte. Kim Christian imponerte, men det er samtidig viktig å presisere at dette var ein solid lagsiger der alle spelarane var med og bidrog til siger i årets første seriekamp.



Periodevis spelte Bremanger veldig fin fotball medan det i andre periodar var litt meir "rotete" og upresist. Skavøypoll kom med eit ungt lag for dei har både eit 9-arlag og eit 7-arlag. Dei hadde også sine sjansar, men Bremanger ein god del fleire så totalt sett var det ingenting å seie på at Bremanger til slutt drog i land ein tremålssiger. Vi har ein del ting vi skal jobbe med på treningane i tida som kjem, men skal byggje vidare på dei fine prestasjonane frå denne kampen. Trur dette skal bli ein kjekk sesong!

Mange hadde møtt opp for å sjå denne kampen i Bjørsvika. Det er veldig positivt og skapar ei kjempefin ramme rundt kampen. Det er kjekt for spelarane at så mange kjem og ser på!


Skrevet av Johnny Rosø.

Her kjem litt bilder frå kampen. Fleire bilder finner du ved å trykke HER, og på facebook gruppa vår.


















0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline