Solid siger i Selje

Postet av Morten Ferstad den 6. Mai 2015

SELJE IDRETTSPARK: Bremanger gjore jobben på bortebane mot Selje, og tok med seg alle poenga heim til solkysten.

Martin Klakegg Hauge
Martin Klakegg Hauge spelte ein meget god kamp på topp for Bremanger i bortekampen mot Selje.

Selje 1 - 4 Bremanger
2 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Søndag 3. mai kl 13.00
Selje idrettspark


Det var eit heiltent heimelag som tok tak i kampen og trykte Bremanger tilbake dei første minuttene. Eit par ufarlege hjørnespark til Selje var høgdepunkta i starten av kampen.

Bortelaget kjem meir med i kampen etter kvart og står for dagens første store måsjanse.

Etter flotte kombinasjonar med Simen Hamre blir Martin Senneset lagt i bakken innanfor Selje sin 16m, og dagens dommar peika på straffemerket. At det ikkje blei utdelt eit raudt kort er heilt uforståeleg, då Senneset var åleine med keeper. Eit gult kort burde vert eit minimum.
Når keeper slenger seg ein veg og ballen går den andre blir det ofte mål, det blei det her og. Simen Hamre sender Bremanger i leiinga.

Resten av omgangen er veldig jamnspelt og ingen av laga kjem til dei heilt store sjansane før vi nærmar oss slutten av første omgang.

Faste situasjonar

På overtid av første omgang kjem Martin Senneset seg rundt på kant og slår eit godt innlegg mot Martin Klakegg Hauge. Han får avslutta mot mål men skuddet blir blokkert og går til hjørnespark.

Det etterfølgande hjørnesparket skrur Eirik Rylandsholm rett i mål, og Bremanger auga leiinga til 2 - 0 på overtid av første omgang!

Rett frå avspark går Selje i angrep og ein Seljespelar går i bakken innanfor Bremanger sin 16m, og dagens andre straffespark er eit faktum. Det blir kontrollert ekspedert i mål, og Selje får ei viktig redusering like før pause.


Rylandsholm 2-målskårar


Dei første minutta av andre omgang er jamne, og begge lag stressar kvarandre i oppspelsfasen og det blir mykje brudd begge vegar. Etter kvart er det Bremanger som tar tak i kampen og styrer det som skjer på Selje idrettspark.

Martin Senneset som hadde ein god kamp på Bremanger si midtbane slo ei flott pasning i bakrom mot Eirik Rylandsholm som gjekk på eit bra løp. Selje sin unge keeper feilberegnar ballbana og Rylandsholm får ei enkel oppgåve med å sette ballen i det tomme buret.

Ikkje mange minuttene etterpå er det Martin Klakegg Hauge som får kampens neste store sjanse, servert med utsida av hovmester-Hamre sin presise høgrefot. Dessverre sto ikkje avslutninga i stil med pasninga, og Hauge skyter utanfor frå god posisjon.

Banas gigant

Selje skulle få ein sjanse til i kampen og det var i tillegg dagens største sjanse! Eit flott innlegg frå Selje si venstreside landar på haude til ein Seljespelar som frå 1-2 meter har opent mål og kan enkelt hedde ballen i mål. Avslutninga går over mål, og Bremanger er svært heldige som ungår baklengsmål.

Minutter før full tid er det banas beste spelar, Bremanger sin spydspiss, Martin Klakegg Hauge som får æra av å avgjere kampen, og får seg eit meget fortjent mål. Hamre slår ei god pasning mot Hauge som har gått på eit av mange løp, og kjem åleine med keeper. Etter at ballen blir vippa over nokon motspelarar setter Hauge ballen i mål, og kampen er punktert.

Fortjent siger

Bremanger vinner fortjent mot favoritten Selje, og fikk revansj etter det stygge 4 - 0 tapet mot same motstandar på Eikefjord-cup. Bremanger var effektive og skåra på sine største sjansar, samtidig som Selje sjeldent satte Bremanger sin keeper på prøve.

I løpet av kampen slo Espen Frøyen og ein Seljespelar hauda ihop, begge fortsatte kampen. Etter kampslutt blei det oppdaga ein stor kul i panna til Frøyen, at han klarte å spele, og hedde med den kulen er heilt utruleg. Du er ein hardhaus, Espen!


Banas beste spelar var uten tvil Martin Klakegg Hauge. Han legger ned ein enorm jobb på topp, og er eit stadig uromoment for Selje. Blir belønna med ei velfortjent skåring på slutten av kampen.
Hauge sin høge arbeidsinnsats i årets to første kampar har overraska mange positivt. Kanskje var det vrakinga på Eikefjord-cup, og eit innhopp som kantspelar som satte sine spor ? Uansett grunn so fortsett med samme innstilling og haldning framover, Martin!




*Bremanger stilte eit meget ungt lag borte mot Selje. Gjennomsnittsalder på dei som fikk speltid var 19.6 år.

* Sander Mardal debuterte for Bremanger. Han hadde ein roleg dag på jobben i målet, men viste seg som ein solid og god keeper dei gangane han måtte i aksjon.

*Oliver Igland spelte sin første kamp for året, og spelte ein meget god kamp på høgra back.




Tore Rylandsholm
"Rylands-hjørnet"

Ditta her var rett og slett ein herleg opplevelse. Det å slå eit so godt lag som Selje i deira eiga leikegrind er ein sterk prestasjon. Og det beste av alt, det var fullt fortjent.Er utruleg stolt over det gutane presterer i dag. No må vi nullstille og vere spenn klar til neste kamp. Då er motstandar Førde 3. Ingenting gjere seg sjølv, her er det hardt arbeid som gjelder. Møt opp på Bremanger stadion og hei gutane fram i jakta på ein ny 3-Poengar! Det fortjenar dei.


- Tore Førde Rylandsholm, trenar.


Kampfakta:

Selje - Bremanger
1 - 4 ( 1 - 2 )

Gule kort: Simen Hamre
Tilskuera: 50
Dommar: Muhamet Barla, Eid IL
Assistentdommarar: Abdinazir Mohamed, Eid IL og Sibondagara Steve Thetty, Eid IL

0-1 8' Simen Hamre (Straffe) (Martin Senneset)
0-2 45+2' Eirik Førde Rylandsholm
1-2 45+3' Martin Grøttå, Selje IL (Straffe)
-
1-3 54' Eirik Førde Rylandsholm (Martin Senneset)
1-4 88' Martin Klakegg Hauge (Simen Hamre)

Lagoppstilling (4-4-1-1)

Sander Mardal
Oliver Igland, Jan Rune Nigardsøy, Espen Frøyen, Vidar Senneset(K)
Eirik Rylandsholm, Simen Hamre, Martin Igland Senneset, Mathias Hammersland
Mads Førde Os
Martin Klakegg Hauge


Innbyte:

70' Mads Førde Os ut, Espen Rosø inn.
83' Espen Frøyen ut, Mads Førde Os inn.

Ubenytta: Tore Førde Rylandsholm, Kristoffer Lågeide, Torbjørn Førde og Morten Ferstad.

Diverse linkar:

Les kva FJT skriver om kampen HER.
Les kva Firdaposten skriver om kampen HER.
Les vår "Før kampen" artikkel HER.
Les vår live oppdatering frå kampen HER.
Link til A-laget si side finner du HER.
Spelar statistikk for sesongen 2015 finner du HER.
Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER.

*Fleire bilder finner du HER, og på vår facebookgruppe.

Litt bilder frå kampen:












1 serierunde: Bremanger - Eid 2
- Kampreferat finner du her.
- Før kampen artikkel finner du her.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline