Tre strake for småguttane.

Postet av Morten Ferstad den 13. Mai 2015

BJØRSVIKA NÆRMILJØANLEGG: Bremanger gjer jobben på heimebane og sigersrekka fortsetter.

Ein glad gjeng etter kampslutt.

12.05.15 Bjørsvika kunstgras Bremanger- Eid 1, smågutt 7-ar


Etter sigrar mot Skavøypoll(6-3) og Sandane(5-3) i dei to første kampane var småguttelaget klare til heimekamp mot Eid 1. Dei ønskte å gå i a-laget sine fotspor med tre strake sigrar i sesongstarten. Det var derfor ein konsentrert og heiltent gjeng som gjorde seg klare til kamp.

BIL hadde dette laget: Markus Nødset Frøyen, Henrik Nygård(kapt.), Malin Hoddevik, Ole Kristian Nigardsøy, Håvard Rosø, David Kolak, Sivert Klakegg Hauge, Ole Martin Nybø og Kim Kristian Liseth.

Det skulle etter kvart vise seg at Bremanger var ein del betre enn Eid 1 og det enda til slutt med 19-3 til heimelaget etter 12-1 ved pause. Scoringane vart satt av inn av Sivert(5), Håvard(4), Kim Kristian(4), Ole Kristian (2), Malin(2), David(1) og Henrik(1). Mange av scoringane kom etter fint Bremangerspel, men kampens kanskje finaste scoring kom på ei flott heading av Henrik på ein presis corner frå Ole Kristian. God innsats av alle BIL-spelarane!

Neste veke blir det toppkamp på Måløy Stadion der BIL møter TMFK. Begge desse laga står med full pott etter dei tre første kampane så vi forventar oss ein tøff og jevn kamp i nabokommunen på tirsdag i kommande veke.

Skrevet av Johnny Rosø

Litt bilder frå kampen:











Fleire bilder frå kampen finner du her.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline