Før kampen: Eikefjord - Bremanger

Postet av Morten Ferstad den 14. Mai 2015

Fredag 15 mai skal seniorlaget i aksjon på bortebane, det er tangotrøyene frå Eikefjord som er vertskap.

Mads Førde Os viste på dagens trening at han er i form, vi gleder oss til kamp.

Eikefjord - Bremanger
4 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Fredag 15. mai kl 19.00
Eikefjord krøllgras

Herrelaget reiser til Eikefjord i håp om å oppretthalde tabelltopp og sigersrekka. Førre møte mellom desse laga var bronsefinalen på Eikefjordcup, Bremanger vant 4 - 0. Meir om den kampen, og Eikefjordcup kan du lese her.

Eikefjord spelte bra i fjor og kom på 3 plass i 5 divisjon avdeling 1.

*Følg kampen på Firda live ved å trykke her.

*Det blir og oppretta ein kamptråd på vår facebookside.


Stjernespelaren frå fjorden

Bremanger kjem til å møte eit heiltent heimelag som er fokusert frå start for å gje Bremanger skikkeleg motstand etter det stygge tapet førre gang desse laga møttes.
Dei oransje serieopna med 2 - 0 på heimebane mot Førde 3 i ein dramatisk kamp, meir om den kampen kan du lese her. Neste kamp borte mot Hornindal endte noko overraskande 0 - 0.

Bremanger på si side har starta sesongen over all forventning. I første kamp fikk Eid 2 gjennomgå før dei raude frå solkysten utkjempa Selje på bortebane, og Førde 3 på heimebane.

Bremanger sitt forsvar må vere påpasseleg på Eikefjord og Barlindbotn sin store son, hærførar Håvard "The Conqueror" Mjølkeråen. Midtspissen er stor og sterk som ein bjørn, so her er dykk herved advart!

Nesten fulltalig

Bremanger stiller den største troppen for året. Det er nesten kun gamlingane Roy Atle Igland, Tom Hem, Walter Høyvik Jr, Tore Rylandsholm og Morten Ferstad som er utlilgjengelege. Kristian Hoddevik Hauge er utilgjengeleg p.g.a beinhinnebetendelse. Troppen sin gjennomsnittsalder er 19.8 år.

Dagens treningsøkt var av dei bedre og ungutane frå Bremangerlandet er klar til kamp. Det blei mykje sviræv i dag, og det er nok ein kar som bur nea i elva på Igland som svir enda.

Bremangers tropp:

Mathias Hauge, Espen Frøyen, Torbjørn Førde, Vidar Senneset, Kristoffer Lågeide, Simen Hamre, Gøran Larsen, Martin Senneset, Mathias Hammersland, Martin Klakegg Hauge, Mads Førde Os, Eirik Rylandsholm, Espen Rosø, Oliver Igland, Magnus Myrhol og Jan Rune Nigardsøy.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline