Loen/Vikane - Bremanger

Postet av Morten Ferstad den 9. Jun 2015

LOEN: Bremanger sitt småguttelag gjekk på årets første tap mot ein god motstander.




02.06.15 Loen/Vikane- Bremanger, smågutt 7-ar

Tirsdag 2. juni reiste eit ubeseira Bremanger-lag til bortekamp mot Loen/Vikane på kunstgrasbana i Innvik. Vi frykta at dette kunne bli ein vanskeleg kamp for dette Loen/Vikane-laget er ikkje lett å møte på deira heimebane. Denne kvelden i Innvik hadde dei 17 spelarar disponible( både 7-ar og 9-arlaget sitt) og blant desse var også ein spelar som heiter Eirik Sæten, ein meget god 2001-spelar som for ei stund sidan var på regionsamling. Ein jordnær, sympatisk spelar med masse gode fotballferdigheter og det skulle etter kvart vise seg at han utgjorde forskjellen mellom desse to laga. Hadde ikkje han vore med ville det ganske sikkert blitt eit anna resultat.

Vi måtte dessverre også denne gongen spele utan kapteinen vår, Henrik Nygård. Vårt lag denne kvelden var som følgjer: Markus Nødset Frøyen, Ole Martin Nybø, Malin Hoddevik Hauge, Ole Kristian Nigardsøy, Håvard Rosø(kapt.), Sivert Klakegg Hauge, David Kolak og Kim Christian Liseth.

BIL kom best i gang og Sivert var nær på å føre oss i leiinga etter berre to minutt, men keeperen deira får ei hand på ballen. Deretter blir vi pressa kraftig bakpå og vi har meir enn nok med å forsvare oss. Vi klarar å stå i mot dei første 12 minutta, men då kjem 0-1. Fire minutt seinare doblar dei leiinga og dermed 2-0 til Loen/Vikane.

Vi klarar etter dette å komme litt meir med og etter 20 minutt får vi reduseringa. Håvard finn Sivert med ei presis gjennombruddspasning og Sivert er sikker åleine med keeper og 1-2. Like etterpå kjem Kim Christian åleine med keeper. I slike situasjonar scorar Kim Christian ofte, men denne gongen redda keeperen. Og i staden for 2-2 blir det 1-3 etter 25 minutt. Dei siste ti minutta bølgjar spelet med sjansar til begge lag, men det blir ikkje fleire scoringar før i aller siste sekund og igjen er det Loen/Vikane som er frampå og 4-1 til pause. Vi hadde til tross for 1-4 vore ganske bra med på notane, men for lite konsentrasjon i viktige situasjonar gjorde at resulatet var som det var.

Første kvarteret i andre omgang er mållaust, men BIL hadde sine muligheter til redusering både ved Sivert, Håvard og David. Halvveis i omgangen går Loen/Vikane opp i 5-1 og kampen verka over for vår del. Men mesteparten av andre omgang er jevnspelt; det blir seinare 5-2, 6-2, 6-3, 7-3, 7-4, 8-4 og 8-5. Kim Christian(2), Håvard(1) og David(1) set inn våre fire scoringar i denne omgangen.

Vi gjorde eit ærleg forsøk, men vi gratulerer Loen/Vikane med ein fortent siger. Men heime i Bremanger til hausten skal vi revansjere oss. Vi står no med fire sigrar, ein uavgjort og eitt tap på dei seks første kampane og i neste kamp heime i Bjørsvika skal vi møte Breimsbygda før vi avsluttar vårsesongen på bortebane mot Stryn.

Terminliste og tabell finner du HER.

S
krevet av Johnny Rosø

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline