Før kampen: Bremanger - Tornado Måløy 2

Postet av Morten Ferstad den 13. Jun 2015

Bremanger stadion: I dag kjem våre blå og kvite naboar frå nord på besøk, det er sjølvsagt Tornado Måløy 2 det er snakk om.

Arkivfoto. Simen Hamre og Kristian Hoddevik Hauge i aksjon på Eikefjord-cup. Meir om det finner du her.

Bremanger - Tornado Måløy2
7 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Lørdag 13. juni kl 14.00
Bremanger stadion


Til dagens kamp tar Bremanger i mot Tornado Måløy sine nest beste, det er det nærmaste vi kjem ein rival i årets 5 divisjon so heimelaget kjem til å gå hardt ut frå start. Bremanger stadion har aldri sett bedre ut(tippa eg) og alt ligger tilrette for ein bra fotballkamp. Ifølge veirgudane(yr.no, kl 00.20) er det meldt sol med litt skyer, og ca 10 grader.

*NB! Det blir ingen Firda live i dag.

*Det blir og oppretta ein kamptråd på vår facebookside med oppdateringer.

Heimelaget er favoritt

På dei 6 første kampane har Bremanger skaffa seg 15 poeng, og ligger kun 1 poeng bak serieleiar Stryn2, og 2 poeng framføre Selje og Eikefjord som ligger på 3 og 4 plass. I førre runde blei det ein slitesiger borte mot Jølster, og Bremanger var både heldige og dyktige som reiste heim med alle poenga.

TMFK2 rykte egentlig ned til 6 divisjon i fjor, men fikk beholde plassen når Anga FK trekte seg, og andre klubbar takka nei til den ledige plassen i 5 divisjon avdeling 2.

I årets 5 divisjon har TMFK2 spelt 6 kampar, og har på dei kampane samla 6 poeng. I førre runde vant dei 6 - 3 mot Hornindal.

Link til terminlista og tabell finner du her.

Må gjere rokeringer

Sjølv om heimelaget manglar heile 9(!) spelarar stiller Bremanger ein god tropp til dagens kamp. Bremanger går for 3 poeng på heimebane, og håper den gode heimeforma fortsetter! Kristian Hoddevik Hauge(16) er med i troppen for første gang i år, og får mest sannsynleg sin debuten på seniornivå.

Vi ønsker TMFK2 velkommen til Bremanger :)

Bremangers tropp:

Mathias Hauge, Espen Frøyen, Torbjørn Førde, Vidar Senneset, Kristoffer Lågeide, Simen Hamre, Martin Senneset, Mathias Hammersland, Martin Klakegg Hauge, Eirik Rylandsholm, Kristian Hoddevik Hauge, Tore Rylandsholm, Roy Atle Igland, Harald Erlandsen

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline