BIL-spelarar på kretstiltak.

Postet av Morten Ferstad den 15. Mar 2018

Fleire BIL spelarar har den siste tida deltatt på kretstiltak.


Bremanger Fotball har for tida heile tre spelarar med i Sogn og Fjordane sine guttekretslagstroppar. Både Sander Vike og Kim Christian Liset er med på G14-kretslaget og Håvard Rosø er med på G16-kretslaget. For eit par helgar sidan var Håvard i Bergen og spelte kamp for NFF Sogn & Fjordane mot NFF Hordaland. Og denne helga var Sander og Kim Christian på "Røkke-løkka", Aker Stadion i Molde, for å spele kretskamp for NFF Sogn & Fjordane mot NFF Nordmøre & Romsdal. Håvard og Kim Christian har også fleire gongar fått prøve seg i Sogndal-drakta det siste året på turneringar diverse stadar i landet.

 f.v Kim Christian Liset, Sander Vike og Tobias Svarstad.


Og i forrige veke kom den hyggelege beskjeden om at Kim Christian er uttatt på talentleir i Sarpsborg, som ein av fire i sitt årskull frå vårt fylke. Talentleiren er nest øverste nivå i spelarutviklingsmodellen "Landslagsskulen" i Norges Fotballforbund. Spennande!!!

                                           

Det gror godt også i 2005-kullet. Fleire BIL-spelarar vart uttatt til Enivest Fotballskule på Nordfjordeid med profesjonelle fotballtrenarar frå Coerver Coaching. Dette er første steg i NFF Sogn og Fjordane sin spelarutviklingsmodell og her har Bremanger fått med fleire talentfulle spelarar. Både Hubert Wdowiak, Vebjørn Igland Nigardsøy og Eli Sofie Seim Skjølberg er med på dette. Også Henrik Værø har vore med på ei av desse treningane.

Hubert Wdowiak(Bak, nr 3 f.v), Vebjørn Igland Nigardsøy (Framme, nr 3 f.v), Henrik Værø (Framme, nr 5 f.v) og Eli Sofie Seim Skjølberg (Framme, nr 6 f.v) har alle vert med på Enivest Fotballskule.


Det er lærerikt og veldig motiverande å få vere med på treningar med så dyktige trenarkrefter. Når denne fotballskulen er ferdig i midten av mars blir det tatt ut sonelagstroppar. Og vi har eit godt håp om å få representantar frå BIL i både Nordfjord sin guttetropp og Nordfjord sin jentetropp når desse uttaka for 2005-kullet blir gjort.    

 

Håvard Rosø, Kim Christian Liset  og seniortrenar Tore Førde Rylandsholm.


Tekst av Johnny Rosø.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.