Håvard og Sivert på sonelag

Postet av Morten Ferstad den 19. Apr 2015

To ivrige Bremanger spelera er tatt ut på nordfjord sitt sonelag.

Håvard Rosø og Sivert Klakegg Hauge.

Etter seks treningar i Nordfjordhallen i vinter under leiing av Jon Georg Rutledal vart Bremanger sine førsteårs småguttespelarar Sivert Klakegg Hauge og Håvard Rosø uttatt på TMFK sitt fotballskulelag til turnering på Breim mot Sandane fotballskule og Stryn fotballskule. Denne turneringa vann TMFK på målskilnad foran Stryn etter uavgjort mot Stryn og siger mot Sandane. I begge kampane spelte Sivert spiss og Håvard sentral midtbane og begge Bremanger-spelarane noterte seg på scoringslista.

BIL-gutane spelte godt og etter denne turneringa vart både Sivert og Håvard uttatt på Nordfjord sitt sonelag for 2002-kullet. BIL fotball gratulerer med uttaket!


Skrevet av Johnny Rosø


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline