Overbevisande start

Postet av Morten Ferstad den 27. Apr 2015

SVELGEN STADION: A-laget gjore jobben i serieopninga mot Eid2 søndag ettermiddag, og gjekk rett til topps på tabellen.

Martin Klakegg Hauge og Martin Senneset
Martin Klakegg Hauge(t.v) og Martin Senneset(t.h) var gode i dag.

Bremanger 8 - 1 Eid 2
1 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Søndag 26. april kl 14.00
Svelgen stadion

Dei raude frå vestlandet's flottaste plass starta kampen med høgt press og ein vanvittig innsats, og det lønte seg i form av to store sjansar i starten av kampen.

Eid2 sin unge og gode keeper stoppa to avslutningar frå Mads Os før det var spelt 6 minutter.

Det skulle ikkje ta lange stunda før heimelaget fikk noko å juble for. Etter 10 minutter spelar Simen Hamre, Martin Senneset åleine med keeper med ein flott "hæl-klakk", Senneset takkar og bukkar og skårar sikkert åleine med keeper.

Bremanger fortsetter å skape sjansar og 10 minutter seinare er det Martin Klakegg Hauge som dobblar ledelsen. Mads Førde Os kjem seg rundt på kanten og slår eit innlegg langs bakken mot nevnte Hauge, han skårer med eit kontrollert skudd opp under tverrliggar, på opent mål.

Ikkje mange minuttene går det før Simen Hamre og Martin K. Hauge kombinerar og førstnevnte kjem åleine med keeper, der er Hamre sikkerheita sjølv, og Bremanger's heimkomne helt aukar leiinga til 3 - 0.

Leikestova av Senneset

Martin Igland Senneset ville ikkje vere noko dårligare og kjørte eit voldsomt einmanns-show. Nevnte Senneset gjekk frå eigen banehalvdel, dribla fleire Eid2 spelarar før han elegant lobbar ballen over keeper, og i mål. Rett og slett rein klasse!

Dei siste 10 minuttene av førsteomgang fortsetter i samme bane, Bremanger produserer sjanse på sjanse, men fleire ballar vill ikkje i mål. Stillinga står seg, og dagens gode dommar, Stein Otto Førde blåser til pause.

Espen Rosø
Rosø får sin senior debut

Starten av andreomgang er relativt roleg samanlikna med første, og det viktigaste som skjer er at Bremanger sin yngste spelar, 00' modellen Espen Rosø kjem på bana etter 60 min, og får sine første minutter som seniorspelar. Espen har trent med A-laget i 2 år og har vist at han fortjener å spele på det nivået her, so det her var ein flott dag for både Espen og Bremanger fotball.

Ikkje mange minuttene etterpå går forsvars-bautaen, Jan Rune Nigardsøy av bana, og det er Torbjørn Førde, som har eit godt innhopp som entrar bana.


Dobbel hat-trick

Simen Hamre slår ei god langpasning mot Martin Klakegg Hauge som er på veg igjennom, Martin vippar først ballen over ein motspelar før han bankar ballen i mål på volley. Herlig prestasjon, og eit flott mål!

Minutter seinare kjem ein livleg Eirik Rylandsholm seg rundt på kanten og slår eit innlegg mot Hamre som setter ballen kontrollert i mål. Omtrent rett frå avspark tar nevnte Hamre med seg ballen inn i Eid2 sin 16m, der blir han lagt i bakken og dommaren peikar på straffemerket.
Hamre tar straffesparket sjølv, det skårer han sikkert på, og er førstemann som skårar hat-trick i dagens kamp.

Før Bremanger skårar dagens åttande, og siste mål har Martin Senneset nokon glimrande minutter der han rett og slett leikar seg med Eid2. Senneset driblar omtrent heile Eid2 laget og kjem åleine med keeper opp til fleire gangar, men desverre for Senneset og Bremanger står ikkje avslutningane i stil, og det blir med forsøkene.

Bremangers siste mål er det Martin Klakegg Hauge som får æren av å skåre. Simen Hamre spelar Martin åleine med keeper, der skårer Martin, og blir dermed dagens andre 3-målsskårar.

Martin Klakegg HaugeSimen Hamre og Kristian Hauge













Martin K. Hauge(t.v) og Simen Hamre(t.h) skåra kvart sitt hat-trick i kampen mot Eid2.

10 minutter før full tid gjer Bremanger eit trippelbytte. Ut går Mathias Hammersland som spelte ein veldig god kamp i ei uvant rolle som høgre back, ein strålande Simen Hamre, og BIL sin spydspiss Martin Klakegg Hauge. Inn kjem evigunge Roy Atle Igland på venstre back, Kristoffer Lågeide på høgrekant, og Tom Hem tar over stafettpinnen på topp for BIL.

På overtid får Eid2 ei skåring, det blir med det målet og dagens dommar blåser av kampen.


Flott start

Bremanger får ein god start på årets sesong med eit overbevisande resultat mot Eid sine nest beste, det var eigentleg aldri tvil om kven som ville stikke av med alle poenga. Sjølv om det blei eit stygt resultat for Eid2 sin del skal dei ha for forsøket. Dei ga aldri opp og kjempa til siste slutt, og dei fikk ein liten trøst i eit reduseringsmål heilt på slutten.

I dag er det vanskeleg å plukke ut dagens beste Bremanger spelar. Martin Seneset herja tidvis enormt og skårar 2 flotte mål. Simen Hamre skårar hat-trick, har 3 assist, og skaffar straffa han sjølv skårar på. Martin Klakegg Hauge skårar hat-trick, og har i tillegg 1 assist. Om ein må veljast faller valge på Hamre, som er involvert i seks mål enten ved å skåre sjølv, eller assist. Navnbrødrene Martin har og all grunn til å vere fornøgd med eigen innsats, det her lovar godt!



Tore Førde Rylandsholm"Rylands-hjørnet"

Vi tok tak i kampen frå start av og dominerte banespelet. Det var aldri noke tvil om kven som ville ha alle poenga i dag. Vi har god balanse i laget, god aggressivitet og spelar mykje posession relatert fotball. Noko som vi har fokusert på i trening i seinare tid. Her var masse positivt å ta med seg vidare i arbeidet og vi gler oss til fortsettelsen.
- Tore Førde Rylandsholm

Kampfakta:


Bremanger - Eid2 8 - 1 ( 4 - 0 )

Gule kort: Martin Senneset
Tilskuera: 30-40
Dommar: Stein Otto Førde, Breimsbygda IL

1-0 10' Martin Senneset (Simen Hamre)
2-0 20' Martin Klakegg Hauge (Mads Os)
3-0 28' Simen Hamre (Martin K. Hauge)
4-0 34' Martin Senneset
-
5-0 68' Martin Klakegg Hauge (Simen Hamre)
6-0 70' Simen Hamre (Eirik Rylandsholm)
7-0 71' Simen Hamre (straffe)
8-0 75' Martin Klakegg Hauge (Simen Hamre)
8-1 90+3' Kristian Årskog (Eid2)


Lagoppstilling (4-1-4-1)

Mathias Hauge
Mathias Hammersland, Jan Rune Nigardsøy, Espen Frøyen, Vidar Senneset(K)
Tore Førde Rylandsholm
Mads Førde Os, Simen Hamre, Martin Igland Senneset, Eirik Førde Rylandsholm
Martin Klakegg Hauge


Innbyte:

60' Tore Førde Rylandsholm ut, Espen Rosø inn.
63' Jan Rune Nigardsøy ut, Torbjørn Førde inn.
80' Mathias Hammersland, Simen Hamre og Martin Klakegg Hauge ut, Roy Atle Igland, Kristoffer Lågeide og Tom Hem inn.

*Heilt mot slutten gjekk Martin Senneset ut og Tore Rylandsholm kom på bana, og Espen Frøyen gjekk ut og Martin Senneset kom innpå igjen.
*Det er frie bytter i 5 divisjon, kan bytte ut og inn so mykje ein vill.


Viste du at ?

*Espen Rosø med sine 15 år, 2 månadar og 28 dagar debuterte for A-laget i dagen kamp, han er og blandt dei yngste debutantane for herrelaget nokon gang.

*Simen Hamre spelte i dag sin første kamp for Bremanger etter returen frå Florø SK, han har no 27 kampar for herrelaget.

Litt bilder frå kampen:


Vidar Seneset
Dagens stoltaste mann, lagets nye, kaptein Vidar Senneset.

Martin Igland Senneset
Martin Igland Senneset skårar kampens første mål.

Martin Klakegg Hauge og Tore Førde Rylandsholm
Martin Klakegg Hauge forran mål, Tore Rylandsholm er tilskodar.

MArtin Klakegg HaugeMartin Klakegg Hauge setter ballen i mål.

Jan Rune Nigardsøy
Jan Rune Nigardsøy spelte ein god kamp i midtforsvaret til Bremanger.

Mathias Hammersland, Martin Senneset, Jan Rune Nigardsøy og Martin K Hauge
Mathias Hammersland, Martin Igland Senneset, Jan Rune Nigardsøy og Martin Klakegg Hauge spelte alle ein solid kamp.

Simen Hamre underheld litt av Bremanger tilhengarane som tok turen til Svelgen. Spelarane setter pris på oppmøte :)

*Fleire bilder finner du HER, og på vår Facebook-gruppe.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline