Storsiger på heimebane

Postet av Morten Ferstad den 25. Mai 2015

BREMANGER STADION: Bremanger gjer jobben på heimebane mot tabelljumbo Hornindal.

Gøran Larsen
Gøran Larsen spelte ein god kamp, og skåra eit flott hattrick mot Hornindal.

Bremanger 9 - 0 Hornindal
5 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Mandag 25. mai kl 15.00
Bremanger stadion


Etter det sure tapet mot Eikefjord i førre runde var det i dag ikkje tvil om kor poenga skulle ende, og heile Bremanger var veldig motivert for å vise seg fram frå ei mykje bedre side i dag.

Heimelaget opnar kampen best og får kampens første store sjanse. Gøran Larsen køyrde karusell med fleire Hornindal spelarar før han serverer ei 45 grader pasning til Klakegg Hauge som skyter mot mål, men avslutninga går uheldigvis utanfor. Like etterpå er det Hornindal som er farleg frampå og ein Hornindal spelar går over ende i feltet til Bremanger, det blir ropt på straffe men det blir ingen store protestar når dommaren vinkar spelet vidare.

Det er nemnde Larsen som skårar dagens første mål. Simen Hamre driblar fleire Hornindal spelarar før han sender avgårde ein smart stikkar til Gøran Larsen som kjem på eit godt løp. Larsen er sikker framfør mål og sender Bremanger i leiinga.

Etter halvspelt omgang er det playmaker Hamre som auka leiinga. Larsen fører ballen og blir takla, ballen triller mot Hamre som skårar på eit flott langskot frå ca 18m som sniker seg inn bort med stolpen i høgre hjørnet.

Siste målet før pause er det Gøran Larsen som står for. Oliver Igland som igjen spelar ein strålande kamp på høgreback bryter ei pasning og tar med seg ballen framover. Han serverer Larsen som breisider ballen i mål frå 16m. Flott avslutning!


Ketsjupeffekt

Martin Senneset opner skåringsballet i andre omgang etter eit flott veggspel med midtbanekollega Hamre. Dei kombinerar fint og Senneset skårar sikkert åleine med keeper. Samme due samarbeidar på neste mål og Martin Senneset klistrar ballen i krysset frå 20m. Flott skåring av goguten til ho Lene!

Dei to neste målene er det Martin Klakegg Hauge og Eirik Rylandsholm som skårar. Begge blir spelt åleine med keeper av Simen Hamre, og begge skårar sikkert.

I det 82 min skårar Simen Hamre på frispark etter at Espen Rosø blir felt, og minuttet etterpå er det Gøran Larsen som får æra av å sette inn Bremanger sitt siste mål. Det var Larsen sitt tredje for dagen, og dermed eit flott hattrick frå den kjekke Kalvågaren!


Aldri i tvil om kven som skal vinne

På ei jamn og flott grasbane var det Bremanger som dominerte spelet, og vant fult fortjent. Mykje bra spel og mange flotte skåringar blei servert på stadion, og vi håpar endå fleire tilhengarar kjem på neste heimekamp som er søndag 14 juni mot Tornado Måløy 2.

Simen Hamre som skåra 2 og serverte 6 mål blei igjen kåra til Bremanger's beste spelar av Bremanger fansen på tribuna.

Tore Rylandsholm
Rylands-hjørnet!

Vi måtte slå tilbake, ville slå tilbake, skulle slå tilbake og slo tilbake. Ekstremt viktig og en stor lettelse. Det sure tape mot Eikefjord har gjett meg mange dårlige netter, og har plaga meg noke vanvittig. I dag var gutane tilbake i kjent stil. Herlig innstilling, viljen til å krige å sloss, krydra med periodevis flott fotball og nokre nydelige scoringer. Nettopp på den måten vi i Bremanger fotball ønsker å framstå. Vi har enda eit stykke til toppnivået og vi skal jobbe videre med å bli enda beire. I kveld skal vi nyte seieren, so nullstille vi i morgon og starta forberedelse til neste kamp.

- Tore Førde Rylandsholm, trenar.




Kampfakta:

Bremanger - Hornindal 9 - 0
( 3 - 0 )

Gule kort: Simen Hamre, Gøran Larsen, Eirik Rylandsholm og 2 til Hornindal
Tilskuera: 70-80
Dommar: Rolf Erling Lefdal, Haugen IL
Assistentar: Muhamet Barlla og Abdinazir Mohamed, begge Eid IL.

1-0 13' Gøran Larsen ( Simen Hamre)
2-0 25' Simen Hamre
3-0 29' Gøran Larsen (Oliver Igland)
-
4-0 51' Martin Senneset (Simen Hamre)
5-0 54' Martin Senneset (Simen Hamre)
6-0 70' Martin Klakegg Hauge (Simen Hamre)
7-0 75' Eirik Rylandsholm (Simen Hamre)
8-0 82' Simen Hamre (Espen Rosø)
9-0 83' Gøran Larsen (Simen Hamre)

Lagoppstilling (4-4-1-1)

Sander Mardal
Oliver Igland, Jan Rune Nigardsøy, Espen Frøyen, Vidar Senneset(K)
Eirik Førde Rylandsholm, Simen Hamre, Martin Igland Senneset, Gøran Larsen
Mads Førde Os
Martin Klakegg Hauge

Benytta innbytarar: Torbjørn Førde, Espen Rosø, Mathias Hammersland og Kristoffer Lågeide.


Diverse lenker:

Link til Firda live finner du HER.
Link til A-laget si side finner du HER.
Spelar statistikk for sesongen 2015 finner du HER.
Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER
Fleire bilder frå kampen finner du HER.

Litt bilder frå kampen:










4 serierunde: Eikefjord - Bremanger
- Kampreferat finner du her
- "Før kampen" artikkel finner du her.
3 serierunde: Bremanger - Førde3
- Kampreferat finner du her.
- "Før kampen" artikkel finner du her.
2 serierunde: Selje - Bremanger
-Kampreferat finner du her.
-"Før kampen" artikkel finner du her.
- Vår live oppdatering finner du her.
1 serierunde: Bremanger - Eid 2
- Kampreferat finner du her.
- Før kampen artikkel finner du her.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline