Storsiger på heimebane

Postet av Morten Ferstad den 9. Jun 2015

BJØRSVIKA NÆRMILJØANLEGG: Bremanger gjer jobben mot Eid på heimebane, og vinner med store siffer.


Arkivfoto.

27.05.15 Bjørsvika kunstgras Bremanger-Eid 2, smågutt 7-ar



Siste tirsdagen i mai kom Eid 2 på Bremangerbesøk og kamp på det flotte anlegget i Bjørsvika. Vi hadde full tropp til denne kampen og i tillegg hadde vi med hospiteringsspelarane våre Nikolai Nesje(2003) og Kim Christian Liseth(2004). Vi hadde dermed desse ti spelarane klare til kamp: Markus Nødset Frøyen, Henrik Nygård (kapt.), Ole Martin Nybø, Ole Kristian Nigardsøy, Håvard Rosø, David Kolak, Sivert Klakegg Hauge, Malin Hoddevik Hauge, Nikolai Nesje og Kim Christian Liseth.

Det enda til slutt heile 16-1 til Bremanger etter scoringar av Sivert(3), Håvard(3), Nikolai(3), Kim Christian(3), Ole Kristian(2), Henrik(1) og David(1). Med andre ord sju forskjelige målscorarar og det er verdt å merke seg at begge våre "underårige" spelarar Nikolai og Kim Christian noterte seg for tre mål kvar.

Men det er viktig å presisere at det er det samme kven som lagar måla, det viktigaste er at vi i lag får til gode fotballprestasjonar. I tillegg til målscorarane i denne kampen vil eg også trekkje fram Markus, Ole Martin og Malin som alle tre er viktige bidragsytarar for laget vårt denne sesongen. Ole Martin har kanskje hatt den største framgangen av alle BIL-spelarane det siste året. Det viser at det lønner seg å stå på og aldri gje opp. Flott, Ole Martin!

Neste kamp for oss er ein vanskeleg bortekamp mot Loen/Vikane. Denne kampen går på gras og dette er uvant for oss no. Loen/Vikane har mange sonelagsspelarar i 2002-kullet så her må vi vere fullt skjerpa ellers kan vi fort få ein svært tøff kveld i indre Nordfjord.

Link til tabell finner du HER.


Skrevet av Johnny Rosø

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline