LAGLEIAR–ALDERSBESTEMTELAG
Lagleiar: leiar og bindeleddet mellom, trenar, føresatte og sportsleg leiar.
Lagleiar har ansvaret for alt som skjer i og rundt laget.
Det er viktig å fordele arbeidsoppgåver mellom spelarar, trenarar og føresette.
Kommunikasjonen mellom dei involverte skal vere god.
ANSVAR/OPPGÅVER:
Sette opp spelarliste med namn, fødselsdato, adresse, føresette, telefonnummer og e-post. Kopi av lista må leverast til sportsleg leiar.
HEIMEKAMPAR
Ringe gjestande lag, invitere dei og avtale kamptidspunkt Det må gjerast minst 6 dagar før.
Sjekk at det ikkje kolliderarar med andre kampar.
Kontakte dommaransvarleg (Marie Nyborg mob 41541168) som har ansvar for å skaffe dommar.
Informere baneansvarleg.
Forsikre seg om at bana er klar før kamp. (Slåing, merking, mål).Kontakte baneansvarleg om det ikkje er klargjort.
Sørge for at dommarkortet blir fylt ut og sendt til SFFK.
Opprydding etter kamp.(Kjegler, ballar, linjeflagg, låsing av redskapsbod, rydding av garderobe.)
Lage lister over kven som har ansvaret for "KAMPEN I FOKUS", og informere dei om oppgåvene sine.
Informere sportsleg leiar om dato og tidspunktet for kamp , slik at kamparrangementet kan planleggast, og plakatar kan hengast opp. (Skal hengast opp måndagen før kamp)
BORTEKAMPAR
Sette opp køyreliste
Organisere transport og informere spelarar og føresette i god tid.
Ha ansvar for ferjekort til sitt lag. Påfyll av ferjekort , Evy Colliander 92812795
FLYTTING AV HEIMEKAMP
- Sjekk med baneansvarleg om det er ledig bane, slik at det ikkje kolliderer med andre kampar el trening.
ANDRE OPPGÅVER:
Lagleiar har ansvaret for at det blir fylt ut skjema for skademelding dersom skade, og at dette blir levert til sportsleg leiar.
Lagleiar har ansvar for alt utstyr (ballar, drakter, medisinskrin osv.), og at dette blir levert tilbake like etter sesongslutt .
Lagleiar har ansvar for å organisere dugnadar som laget blir pålagde.
Lagleiar skal i samarbeid med trenar ordne treningskampar og samlingar for laget, omberamming av kampar og oppsett av endeleg terminliste.
Lagleiar skal halde spelarane orientert om treningstider, samlingar og kampar
Lagleiar skal halde sportsleg leiar orientert om ting som skjer rundt laget, og som eventuellt bør takast opp i styret el. spelargruppa.
Lagleiar er saman med sportsleg leiar ansvarleg for at alt det utanomsportslege fungerar rundt Bremanger IL sine lag.